Norsk omsetjing av den engelske (Road to Unity) og den tyske
(Koinonia auf Altkirchlicher Basis) utgåva av felleserklæringane frå den
ortodoks-gamalkatolske teologiske kommisjonen.
Utgjevne frå august 1975 til oktober 1987. Ratifisert av
Generalsynoden åt Den nordisk-katolske kyrkja 14. april 2007.
Innhald
I LÆRA OM GUD
I.1 Guddomeleg openberring og formidlinga av
henne
I.2 Dei kanoniske Heilage Skriftene
I.3 Den heilage treeininga
II LÆRA OM KRISTUS
II.1 Inkarnasjonen av Guds Ord
II.2 Den hypostatiske unionen
II.3 Guds mor
III LÆRA OM KYRKJA
III.1 Kyrkja sin natur og kjenneteikn
III.2 Einskapen av Kyrkja og lokalkyrkjelydane
III.3 Kyrkja sine grenser
III.4 Autoriteten åt Kyrkja og i Kyrkja
III.5 Korleis er Kyrkja ufeilbarleg
III.6 Kyrkjemøta
III.7 Kor naudsynt er apostolisk suksesjon
III.8 Kyrkja sitt hovud
IV LÆRA OM FRELSA
IV.1 Kristi frelsesgjerning
IV.2 Heilaganden si gjerning i Kyrkja og
mottakinga av frelsa
V LÆRA OM SAKRAMENTA
V.1 Kyrkja sine sakrament eller mysterier
V.2 Dåpen
V.3 Konfirmasjonen
V.4 Den heilage evkaristien
V.5 Bota
V.6 Salvinga
V.7 Ordinasjonen
V.8 Ekteskapet
VI LÆRA OM DEI SISTE TING
VI.1 Læra om dei siste ting
VII KYRKJELEG FELLESSKAP – føresetnader og konsekvensar
I LÆRA OM GUD
I.1 Guddomeleg openberring og formidlinga av henne
Den treeinige Gud – Faderen, Sonen og Heilaganden – skapte
verda og ”lét velgjerningane vitna om seg” (Apg 14:17), men han har
openberra seg og held fram med å openberre seg på mange ulike måtar i verda
og i historia.
1. Gud openberrar seg i sine gjerningar, for ”hans usynlege
vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og
skjøna av gjerningane hans alt frå verda vart skapt” (Rom 1:20) og det
særleg i mennesket som vart skapt i hans bilete og i hans likning. ”Dei
viser med dette at det lova krev, står skrive i hjarto deira.” (Rom 2:15)
2. Mennesket var ulydig mot det guddomelege bodet og synda,
og deira gudlikskap vart forvrengt og formørka, og dei vart ute av stand til
å kjenne den sanne Gud. ”Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og
det vart mørkt i deira uvituge hjarta.” For dei ”dyrka det skapte i staden
for Skaparen” (Rom 1:21,25).
Men den miskunnsame Gud, ”han som vil at alle menneske skal
verta frelste og læra sanninga å kjenna” (1. Tim 2:4), valde å openberre seg
sjølv for verda på ein direkte og personleg måte. Gud openberra seg sjølv,
difor, direkte og effektivt ”i fordoms tid … til fedrene gjennom profetane”
(Hebr 1:1) i Israels folk. Denne gudsopenberringa, verkeleg som ho var, var
likevel berre stykkevis og av oppsedande karakter: ”Lova var vaktaren vår
fram til Kristus.” (Gal 3:24)
3 .”Men då tida var fullkomen, sende Gud Son sin.” (Gal 4:4)
”Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss.” (Joh 1:14) I Jesus
Kristus kom den fulle og fullkomne openberringa av Gud: ”I han bur heile
guddomens fullnad lekamleg.” (Kol 2:9) Berre i Jesus Kristus er frelse
mogleg: ”Det er ikkje frelse i nokon annan.” (Apg 4:12) I Jesus Kristus
openberra den treeinige Gud seg, Han som i vesen er utilgjengeleg og
uforståeleg for oss, i sine frelsande energiar og i sanning i all sin
fullnad: ”Vi seier at vi kjenner vår Gud frå hans energiar, …
men hans vesen blir for alltid utanfor vår rekkevidde.” (Basilius den store,
ep. 234.1 – PG 32.869).
4. Denne overnaturlege openberringa i Kristus vert formidla i
tradisjonen frå dei heilage apostlane, som var overlevert i skriftleg form i
dei Gud-inspirerte Skriftene og i munnleg form i Kyrkja si levande stemme.
Den munnlege tradisjonen er på den eine sida teken i vare i
trusvedkjenningane og andre kanoniske vedtak i dei sju økumeniske konsila (kyrkjemøta)
og lokale synodar, i skriftene åt dei heilage kyrkjefedrene og både i den
heilage liturgien og i Kyrkja sin generelle liturgiske praksis, og kjem på
den andre sida til uttrykk i Kyrkja si vedvarande offentlege undervisning.
5. Skrift og tradisjon er ikkje ulike uttrykk for den
guddomelege openberringa, men særeigne måtar å uttrykkje den eine og same
apostoliske tradisjonen på. Heller ikkje er det spørsmål om den eine sin
forrang framom den andre: ”Begge har same tyngda i høve til den sanne
religionen” (Basilius den store, Spir. 27.2 – PG 32.188). ”Skrifta vert
forstått innanfor tradisjonen, men tradisjonen varer og vernar om sin
reinleik og sine sanningskriterium ved Skrifta og skriftinnhaldet.”
(Inter-ortodoks Førebuande Kommisjon til den Heilage og Store Synoden, 16. –
28. juli 1971, Chanbésy 1973, s. 110). Den apostoliske tradisjonen vert
ivareteken og overlevert uforfalska av Kyrkja i Heilaganden.
I.2 Dei kanoniske Heilage Skriftene
Bøkene i det Gamle og det Nye testamentet utgjer den Heilage
Skrifta. Kyrkja har godkjend å g
je
dei plass i den kanon ho har oppretta og teke i bruk. Dei er:
a) I det Gamle Testamentet dei tjue-to bøkene – etter ein
annan reknemåte dei tretti-ni – bøkene i den hebraiske kanon, saman med ti
andre bøker, dei såkalla ”Anagignoskomena”, dvs. lesebøker eller bøker verd
å lese, som seinare i vest er blitt kjende som ”deuterokanoniske”, totalt
førti-ni bøker.
Dei førstnemnde tretti-ni bøkene er kanoniske: 1. Mosebok, 2.
Mosebok, 3. Mosebok, 4. Mosebok, 5. Mosebok, Josva, Domarane, Ruth, 1. og 2.
Samuelsbok, 1. og 2. Kongebok, 1. og 2. Krønikebok, Esra (Gresk: 2. Esra,
Vulgata og slavisk: 1. Esra), Nehemja, Ester, Salmane, Job, Ordtøka,
Forkynnaren, Høgsongen, Jesaja, Jeremia, Klagesongane, Esekiel, Daniel,
Obadja, Joel, Jona, Amos, Hosea, Mika, Nahum, Sefanja, Habakkuk, Haggai,
Sakarja, Malaki.
Dei ti bøkene som vidare høyrer med, Anagignoskomena, er:
Judit, gresk: 1. Esra (Vulgata: 3. Esra, slavisk: 2. Esra), 1., 2. og 3.
Makkabearbok, Tobits bok, Jesu Siraks sons visdom, Salomos visdom, Baruk og
Jeremias brev.
Dei ”kanoniske” bøkene er kjenneteikna av at Kyrkja har gitt
dei ein varig særleg autoritet; men Kyrkja verdset også høgt Anagignoskomena
som i lang tid har vore del av hennar Heilage Skrift:
Merknad: Når det gjeld desse bøkene: Gresk: 1. Esra (Vulgata:
3. Esra, slavisk: 2. Esra) og 3. Makkabearbok, vil den gamalkatolske
kommisjonen legge til: Sjølv om desse bøkene ikkje er avviste av deira
Kyrkje, er dei heller ikkje inkluderte i den gamal-katolske lista over
bibelske bøker, som skriv seg frå den latinske tradisjonen. Den
Internasjonale Gamalkatolske Bispekonferansen har enno ikkje teke stilling i
dette spørsmålet.
b) Dei kanoniske bøkene i det Nye Testamentet utgjer i alt
tjue-sju i talet, dvs.: Dei fire evangelia etter Matteus, Markus, Lukas og
Johannes; Apostelgjerningane; Paulus-breva: Romarane, 1. og 2. Korintarane,
Galatarane, Efesarane, Filipparane, Kolossarane, 1. og 2. Tessalonikarane,
1. og 2. Timoteus, Titus, Filemon og Hebrearane; dei katolske breva: Jakob,
1. og 2. Peter, 1., 2. og 3. Johannes, Judas; og Johannes’ Openberring.
I.3 Den heilage treeininga
Vi trur og vedkjenner éin Gud i tre hypostasar, Fader, Son og
Heilagande. Faderen, som ”elska” Sonen ”før verda vart grunnlagd” (Joh
17:24), openberra seg sjølv gjennom han i Heilaganden for at denne
kjærleiken kan vere i hans læresveinar (Joh 17:26) gjennom samfunnet av
Heilaganden som er ”gjeven i hjarto våre” (Gal 4:6). Denne openberringa er
eit mysterium umogleg å skildre eller å forklare, eit kjærleiksmysterium,
”for Gud er kjærleik” (1.Joh 4:8).
1. På grunnlag av denne openberringa trur vi at den Gud som
av naturen er éin, er treeinig i hypostase eller i personar. Faderen, Sonen
og Heilaganden viser dei tre veremåtane, utan opphav og evig, åt dei tre
personane og deira mellomverande; desse personane er udeleleg ihopbundne med
kvarandre og sameinte i eitguddomeleg vesen. Slik ”tilbed vi einskapen i
treeininga og treeininga i einskapen, i deira paradoksale ulikskap og
sameining.” (Gregor av Nazians, or. 25.17 – PG 35.1221).
2. Vi forstår denne einskapen, på den eine sida og først og
fremst, som einskap og identitet i det guddomelege vesenetn, og på den andre
sida som einskap og identitet i eigenskapar, energiar og vilje. Når vi
forstår det slik at Sonen og Heilaganden går ut frå Faderen som deira
einaste opphav og grunn, er vi nøye med å ivareta einskapen deira utan at
dei vert blanda saman. Difor ”ut frå einskapen i natur og den gjensidige
infiltrasjon av hypostasar og deira sams vilje og gjerning, makt, styrke og
rørsle, veit vi at Gud er éin og udeleleg: for Gud er i sanning éin: Gud
(Fader) og Ordet og hans Ande” (Johannes av Damaskus, f.o. 8 – PG 94.825),
som ei evig utelukking av nokon som helst separasjon eller deling av vesenet
eller underordning av dei tre personane grunna i fortrinn eller forrang.
3. Vi forstår treeininga på den eine sida som skilnaden
mellom dei tre personane, men på den andre sida som mangfaldet av deira
framgangsmåtar. For dei tre guddomelege personane er ulike kvarandre utan å
vere delte; kvar av dei har guddomens fullnad, og den eine guddomelege
naturen vert sjølvsagt verande usplitta og udelt, slik at ”guddomen er udelt
i det særmerkte (hypostasane)” (ameristos en memerismenois – Gregor
av Nazians, or. 31.14 – PG 36.149). Faderen merkjer seg ut frå dei andre
personane ved at det er frå hans ævelege natur han føder Sonen og sender ut
Heilaganden. Sonen skil seg frå dei andre personane ved at han er fødd av
Faderen; Heilaganden ved at han går ut frå Faderen. Slik er Faderen ikkje
fødd, utan grunn (anaitios) og utan opphav, men samstundes er han
Sonen og Heilaganden si einaste rot og kjelde.” (Basilius den store, hom.
24.4 - PG 31.609). Han åleine er deira grunn (aistios) som frå æva
føder Sonen og sender ut Heilaganden. Når det gjeld Sonen, er han fødd av
Faderen; Heilagande er send frå eller utgår frå Faderen. Difor er Faderen
utan grunn (anaitios) og er sjølv grunnen (autoaitios), liksom
Sonen og Heilaganden har sin grunn i Faderen, Sonen fordi han er fødd, Anden
fordi han er utsend, og for dei begge gjeld at dei er utan opphav og ævelege,
udelelege og uskiljelege. Tilsvarande er det med det mystiske og uutseielege,
men likevel verkelege skiljet mellom dei tre hypostasane eller personane i
den Heilage Treeininga: Det består eine og åleine av dei tre sine
eigenskapar som ikkje kan overførast, nemleg om Faderen at han ikkje er
fødd, om Sonen at han er fødd og om Heilaganden at han utgår. ”Dei tre
heilage hypostasane er eine og åleine kjennemerkte ved desse hypostatiske
eigenskapane, ikkje i vesenet, men ved kvar hypostase sitt eigenarta
særpreg. Og sjølv om dei er delte, forblir dei udelelege” sidan dei ”ikkje
står for vesenet, men den gjensidige relasjonen og veremåten. (Johannes av
Damaskus, f.o. 8;10 – PF 94.824,837)
4. Om Heilagandes spesielt lærer den Heilage Skrifta (Joh
15:26), den nikensk-konstantinopolitanske trusvedkjenninga frå det 2.
økumeniske konsilet og den eldste Kyrkja generelt at han går ut frå Faderen,
guddomskjelda og -opphavet. Hans evige utgang frå Faderen skal her haldast
åtskild frå hans openberring i tida og sending til verda som skjer gjennom
Sonen. Når vi difor forstår Heilaganden sin utgang som uttrykk for hans
evige veren og utgang utan opphav, vedkjenner vi at han utgår frå Faderen
åleine og ikkje i tillegg frå Sonen. Men når vi forstår dette som uttrykk
for Heilaganden si kome i tida og hans sending til verda, då vedkjenner vi
utgangen frå Faderen gjennom Sonen, eller også frå både Faderen og Sonen.
Tilsvarande trur vi på Heilaganden ”som utgår frå Faderen …
og vert gjeven til heile skapningen gjennom Sonen… Vi seier ikkje at Anden
er frå Sonen… (Men) vi vedkjenner at han er openberra og gjeven til oss
gjennom Sonen… (Han er) Gud Faderens Heilage Ande sidan det retteleg er frå
Faderen han utgår, men han er også sagt å vere Sonen sin Ande fordi han
retteleg er openberra og gitt til skapningen gjennom Sonen, men utleier
ikkje sin veren frå Sonen” (Johannes av Damaskus, f.o. 8;12; hom. 4.4 – PG
94.821,832,833, (849); 96.605).
I samsvar med dette seier Læreskrivet frå den Internasjonale
Gamalkatolske Bispekonferansen i 1969: ”Vi avviser fullstendig filioque-tillegget
som er gjort i Vest på 1000-talet utan å ha blitt godkjent av noko ø
kumenisk
konsil. Grunnlaget for denne avvisninga er ikkje berre den ukanoniske forma
dette tillegget har, sjølv om det i seg sjølv representerer eit brot på
kjærleiken som einskapsbandet. Men framom alt avviser vi alle læresetningar
som gjer Sonen til med-opphavsmann til Anden.” Sameleis understrekar same
Bispekonferansen same året i ei spesialfråsegn ”Om Filioque-spørsmålet”, ”at
der er berre éin grunn og éi kjelde i den høgheilage Treininga: Faderen.”
Til toppen
II LÆRA OM KRISTUS
II.1 Inkarnasjonen av Guds Ord
1. Vi trur på Jesus Kristus, Guds einaste Son og einaste Ord,
”som for oss menneske og til vår frelse kom ned frå himmelen og vart
inkarnert ved Heilaganden av Maria møy og vart menneske” (Nikenske-konstantinopolitanske
trusvedkjenning). I inkarnasjonen steig den evige og tidlause Gud inn i tida
og historia som eit menneske ”for å kunne sameine menneskeslekta enno ein
gong med seg sjølv som hovudet” (Kyrill av Alexandria, Nest 1.1 – PG 76.17).
Jesus Kristus har to naturar: Han er fullkomen Gud som har
alt det Faderen har, utanom det å ikkje vere fødd; man samstundes er han
også fullkome menneske ”med ei fornuftig sjel og kropp”, lik oss på alle
måtar utanom vår synd.
Som menneske utmerkar Jesus Kristus seg framom alle menneske
ved sin overnaturlege fødsel og syndefridom, etter som inkarnasjonen kom ved
Heilaganden og av Maria møy, og han var også fri frå arvesynda og frå all
personleg synd.
2. Når det gjeld Kristi to naturar, den guddomelege og den
menneskelege, vedkjenner vi det Kyrkja lærer på grunnlag av den Heilage
Skrifta og den heilage tradisjonen: At dei to naturane, den guddomelege og
den menneskelege, har blitt hypostatisk sameinte i Kristus, og det i sanning
i Guds Ords hypostase eller person, ”utan samanblanding, utan endring, utan
deling, utan skilje (4. Økumeniske Konsil – Mansi 7.116).
Jesus Kristus er Gud-mennesket, den eine guddomelege personen
i to naturar, den guddomelege og den menneskelege, med to viljar og to
energiar (energeiai). Men ettersom personen Jesus Kristus sameinar
dei to naturane og det er denne personen som vil og som handlar, kan vi
følgjeleg kalle Herrens handlingar guddomeleg-menneskelege. ”Han gjer det
menneske gjer ikkje berre på menneskevis, for han er ikkje berre menneskeleg,
men også guddomeleg; og han gjer det Gud gjer ikkje berre på guddomeleg vis,
for han er ikkje berre guddomeleg, men også menneskeleg.” (Johannes av
Damaskus, f.o. 59 – PG 94.1060). Ved at dei to naturane er ”gjensidig
gjennomtrengande” eller ”gjensidig ibuande”, vert ikkje berre dei to
naturane, viljane og gjerningane/energiane ivaretekne, men det same vert også einskapen i personen.
3. Den hypostatiske unionen har visse konsekvensar for læra
om den Heilage Treeininga:
a) Sjølv om heile den guddomelege naturen vart sameint med
menneskenaturen i Jesus Kristus, vart ikkje heile den Heilage Treeininga
inkarnert, men berre den andre personen i
Treeininga.
b) Inkarnasjonen fører ikkje til noko omskifte eller endring
i den uomskiftelege og uforanderlege Gud.
4. Den hypostatiske unionen fører til:
a) Utveksling eller gjensidig overføring av eigenskapane. I
den hypostatiske unionen vil dei to naturane, den guddomelege og den
menneskelege, overføre eigenskapane sine til kvarandre, ved at dei gjennomtrengjer kvarandre og bur i kvarandre.
b) Guddomeleggjeringa (theosis) av Kristi menneskelege
natur. Den held seg sjølvsagt ”innanfor grensene som er gitt for den
(menneskeslekta)
”
(6. økumeniske konsil – Mansi 11.637).
c) At Kristus er utan synd.
d) Tilbedinga av Kristus også når det kjem til hans
menneskenatur. Denne tilbedinga viser til Herrens guddomeleg-menneskelege
person.
e) Maria møy er sanneleg Gud-føderske og Guds Mor.
5. Inkarnasjonen av Guds evige Ord, gjort ut frå kjærleik til
menneskeslekta, er eit utilgjengeleg og uforståeleg mysterium, som må takast
imot i tru.
II.2 Den hypostatiske unionen
Når det gjeld den hypostatiske unionen av dei to naturane,
lærer Kyrkja dette:
1. Guddomsnaturen vart sameint med menneskenaturen
hypostatisk, dvs. i hypostasen eller personen åt guddomsordet. I
inkarnasjonen tok han ikkje opp menneskenatur generelt, men ein individuell
menneskenatur. Dette fanst ikkje føreåt, det var ”utan ein eigen hypostase
og hadde heller ikkje frå før nokon individualiet … men Guds Ord vart sjølv
hypostase i kjøt” (Johannes av Damaskus, f.o. 55; 46 – PG 94.1024,985).
Følgjeleg tok ikkje Herren på seg ein menneskeleg hypostase, men ein
menneskenatur, og det var verkeleg menneskenatur i all fullnad. Den
menneskenaturen han tok opp, var i sanning komplett ”med ei fornuftig sjel
og ein kropp” (4. ekumeniske konsil – Mansi 7.16). Han eksisterte ikkje på
førehand i eit individ, uavhengig av personen Jesus Kristus, heller ikkje
hadde han tidlegare vore skapt, men hans eksistens begynte nett i det den
guddomelege inkarnasjonen ”ved Heilaganden i Maria møy” fann stad, i den
heilskapen som personen eller hypostasen Guds Ord utgjer. Han hadde difor
heller ikkje nokon annan hypostase enn denne eine Guds Son.
2. Jesus Kristus er difor éin person ”i to naturar”, den
guddomelege og den menneskelege, men ikkje ”or to naturar”. Det 4.
ekumeniske kyrkjemøtet lærer oss ”å vedkjenne … ein og den same Kristus,
Son, Herre, einborne, kjend i to naturar, utan samanblanding, utan
utskifting, utan deling, utan skilje; kjennemerka for dei to naturane vert
på ingen måte viska ut av sameininga mellom dei, men heller vert det
særmerkte ved kvar av dei teke vare på og sameint til éin person og substans
(hypostase)” (Mansi 7.116). Den hypostatiske sameininga av Kristi to naturar
som kom istand ved unnfanginga, utan samanblanding eller oppdeling, blir for
alltid verande udeleleg og uoppløyseleg. Menneskenaturen vert for alltid
verande uskiljeleg sameint med guddomsnaturen. Gud-mennesket er difor ”Jesus
Kristus … i går og i dag den same, ja, til evig tid.” (Hebr 13:8).
3. Sidan der er to naturar i Jesus Kristus, den guddomelege
og den menneskelege, er der også to viljar i han som opptrer fritt og som
tilhøyrer kvar av naturane, den guddomelege og den menneskelege; to krefter (energeiai) som tilhøyrer kvar av naturane, den guddomelege og den
menneskelege, så vel som to frie viljar (autexousia) som tilhøyrer
kvar av naturane, den guddomelege og den menneskelege; visdomen og
kunnskapen er også både guddomeleg og menneskeleg. Etter som Herren er lik i
vesen med Gud Faderen, har han vilje og opptrer i fridom som Gud; fordi han
også er lik i natur med oss menneske, har han vilje og opptrer i fridom også
som menneske. Han har sjølvsagt ’vilje og handling’ ”ikkje oppdelt men
sameint; han vil og arbeider sjølvsagt i kvar av dei to naturane i
fellesskap med kvarandre”. Difor forstår vi dei to viljane ikkje som
motsetningar eller som konkurrentar, men kvar av dei vil det same som den
andre, kvar etter sin måte. Den veike menneskeviljen følgde visseleg den
sterke guddomelege viljen og underordna seg sjølv under han, for begge
viljane og kreftene handla ”i einskap” og ”samarbeidde om frelsa for
menneskeslekta” (6. ekumeniske konsilet – Mansi 11.640). Generelt uttrykt:
”Sidan Krisi hypostasar er éin og Kristus er éin, er han éin som vil i
samsvar med begge naturane: som Gud av godvilje og som menneske i lydnad”
(Johannes av Damaskus, volunt. 27 – PG 95.160).
Kyrkja lærer difor det som fedrene på det 6. ekumeniske
konsilet definerte slik: ”Vi held trutt og på alle vis fast på ’utan
samanblanding’ og ’utan deling’ og forkynner kort sagt: Sidan vi trur at ein
av den Heilage treeininga, etter vår Herre Jesu Kristi inkarnasjon, er vår
sanne Gud, stadfester vi at dei to naturane hans viser seg i hans eine
hypostase… Oppdelinga av naturane i den eine hypostasen viser seg i det
faktum at kvar av naturane vil, og utfører, det som er etter deira eigenart
i samfunn med den andre. På same vis rosar vi viljesytringane og gjerningane
som tilhøyrer dei to naturane som samarbeider til frelse for
menneskeslekta.” Sjølv etter sameininga ”var ikkje hans guddomeleggjorde
menneskevilje utsletta, men vart verande ved sterkare enn før. (Mansi
11.638, 640).
II.3 Guds mor
Kyrkja trur at den guddomelege og den menneskelege naturen er
hypostatisk sameinte i Jesus Kristus. Sameleis trur ho at den velsigna Maria
møy fødde ikkje berre eit menneskebarn, men gud-mennesket Jesus Kristus, og
at ho difor verkeleg er Guds mor slik det 3. ekumeniske konsilet definerte
og det 5. ekumeniske konsilet stadfesta. Ifølgje den heilage Johannes av
Damaskus er det slik at namnet ”Guds mor” (theotokos) ”omsluttar
heile mysteriet i den guddomelege frelsesplanen” (f.o. 56 – PG 94.1029).
1. I Maria møy tok Guds Son opp heile menneskenaturen, kropp
og sjel, i kraft av guddomeleg allmakt, for krafta åt Den høgste skyggja
over henne og Heilaganden kom over henne (Luk 1:35). På denne måten vart
Ordet kjøt (Joh 1:14). Ved det sanne og ekte morskap som Maria møy utøvde,
vart Frelsaren sameint med menneskeslekta.
Der er eit ibuande samband mellom sanningane om den eine
Kristus og Marias guddomelege morskap. ”… for ei sambinding av dei to
naturan vart gjort; difor vedkjenner vi éin Kristus, éin Son, éin Herre.
Etter denne forståinga av unionen som er utan samanblanding, vedkjenner vi
den heilage møya som ’theotokos’ fordi Guds Ord vart kjøt og levde som eit
menneske, og frå unnfanginga av sameinte seg sjølv med det templet han
mottok frå henne” (3. økumeniske konsilet, Unionsformelen – Mansi 5.292).
”…vi lærer med ei stemme at (Guds) Son og vår Herre Jesus Kristus, skal
vedkjennast som éin og same person … fødd av Faderen før alle tider etter
sitt guddomsopphav, men i desse siste tider fødd for oss og til vår frelse
av Maria møy, Guds mor, etter sitt menneskelege opphav” (4. ekumeniske
konsilet, Truserklæringa - Mansi 7.116).
2. Idet Kyrkja ærar Maria møy som Guds mor - den heilage
Ignatius av Antiokia kalla barnefødselen hennar ”eit mysterium som skal
ropast ut høgt” (Efes 19:1 – PG 5,660) – ærar Kyrkja også hennar evige
møydom. Guds mor er alltid møy sidan ho, fordi ho vart verande ugift, fødde
Kristus på ein måte som ikkje kan skildrast og ikkje forklarast. I fråsegna
til keisar Markian, erklærte fedrene på det 4. ekumeniske konsilet: «...
fedrene ... har utlagt trusinnhaldet for alle og forkynt nøye inkarnasjonen
si velsigning: Korleis mysteriet i frelsesplanen var førebudd både frå det
høge og i morslivet, korleis møya vart kalla Guds mor for hans skuld som
sikra møydomen hennar også etter svangerskapen og let kroppen hennar på ein
vidunderleg måte vere forsegla, og korleis ho med rette vert kalla Guds mor
på grunn av det kjøt som kom frå henne og som ho gav til han som er Herren
over alle ting» (Mansi 7.461). Og det 7. ekumeniske konsilet erklærer i
vedtaket sitt: «Vi vedkjenner at han som var inkarnert av den plettfrie Guds
mor og alltid-møy Maria, har to naturar» (Definitio – Mansi 13.377). Som den
heilage Augustin seier: «Han vart fødd av Heilaganden og av Maria møy. Og
også fødselen som menneske er i seg sjølv både nedrig og opphøgd. Kvifor
nedrig? Fordi som menneske er han fødd av eit menneske. Kvifor opphøgd?
Fordi han vart fødd av ei møy. Ei møy avla, ei møy fødde, og etter fødselen
heldt ho fram med å vere møy» (symb. 1.3/6 – PL 40.630). (Kfr også
Sophronius av Jerusalem, ep. Syn. - PG 87.3164, 3176; Johannes av Damaskus,
f.o. 87 – PG 94.1161; Maximus Confessor, ambig. 31 – PG 91.1276 og andre).
3. Difor ærar Kyrkja på spesiell måte møya Guds mor, vel å
merke «ikkje som guddomeleg, men som Guds mor etter kjøtet» (Johannes av
Damaskus, imag. 2.5 – PG 94.1357). Når så Kyrkja på grunn av velsigningane
frå frelsa i Kristus, ærar Gud over alle ting og tener han i sann tilbeding
for guddomsnaturen åleine, ærar ho samstundes Guds mor som den utvalde
reidskapen i frelsesverket, ho som i tru svarte ja til Guds ord i audmjuk
teneste, som den porten Gud steig inn gjennom til verda gjennom. Kyrkja kallar henne Den Velsigna, den fyrste av
helgenane og Herrens reine tenestkvinne, og tilskriv henne dermed at ho er
relativt syndefri av nåde, frå den tid av då Heilaganden kom ned over henne,
for etter naturen og absolutt syndefri er åleine vår Frelsar Jesus Kristus.
Kyrkja godkjenner ikkje dei seinaste dogma om Guds mor si
uflekka unnfanging og kroppslege opptaking i himmelen. Men ho feirar
Gudsmora sin inngang i det evige livet og held høgtideleg festen for hennar
innsomning.
4. Kyrkja ærar Guds mor også som forbedar for menneska for
Gud, som på særleg vis er hennar rolle på grunn av den framståande plassen
ho har i frelsesverket. Men Kyrkja skil mellom Guds mor si forbønsgjerning
og den eineståande rolla Jesus Kristus har som mellommann: «For der er éin
mellommann mellom Gud og menneske: mennesket Kristus Jesus» (1. Tim 2:5). «Å
du miskunnsame, vis din kjærleik til menneska: Ta imot Guds mor som fødde
deg, som går i forbøn for oss, og frels ditt hjelpelause folk, du vår
Frelsar (bysantinsk laurdag vesper, 8. tone, Theotokion).
«... Å Gud ... gi oss alle del i livet åt Son din i
fellesskap med Maria møy, Den velsigna Mor åt vår Herre og Gud ... og med
alle dine heilage. Sjå på deira liv og død og svar deira forbøner for di
Kyrkje på jorda» (Messeliturgien til den Krist-katolske kyrkja i Sveits).
Sjølv om Guds mor altså i Kyrkja sine hymner vert kalla 'formidlar'
(mediatrix – mesitria), er dette aldri i tydinga med-formidlar (commediatrix)
eller med-utløysar (corredemtrix), berre i tydinga forbedar.
Til toppen
III LÆRA OM KYRKJA
III.1 Kyrkja sin natur og kjenneteikn
I. 1. Kyrkja står etter sin natur
i næraste samanheng med den Treeinige Guds mysterium, som openberrar seg i
Kristus og Heilaganden (sjå Efes 5:32). Ho er «skatten i den ubeskrivelege
Guds løyndom» (Johannes Chrysostemos, i ep.I. Ad Cor. Hom. 16,3 – PG
61,134).
Korkje Skrifta eller tradisjonen gir nokon direkte og
fullstendig definisjon av omgrepet «Kyrkje», men det finst mange bilete og
symbol som indirekte lærer oss kva Kyrkja er etter sitt vesen/natur.
Etter Skrifta er Kyrkja «Kristi lekam» (Rom 12:4f; 1. Kor
12:13.27), «Guds folk» (1. Pet 2:10), Guds «husfolk» eller «tempel» (1.Tim
3:15; Efes 2:19; 1. Kor 3:16f), eit «kongeleg presteskap» (1. Pet 2:9),
Kristi brud ( sjå Mark 2:20; Matt 25:1ff; Opb 21:2), Guds «vingard» (Jes
5:7).
I tradisjonen finst også omtale av Kyrkja som framhevar eitt
eller anna aspekt ved Kyrkja: Ho har ein episkopal struktur, ho har ein
presteleg og karismatisk karakter, ho er fellesskapen av dei truande, ho
består av alle sanne truande til alle tider, ho er menneskeslekta sameint i
Gud-mennesket.
2. Kyrkja er difor etter sin natur ikkje ein reint
menneskeleg fellesskap, ikkje eit forbigåande fenomen i menneskeslekta si
historie. Ho er grunna i Guds evige avgjerd og plan til beste for verda og
menneskeslekta. I det Gamle Testamentet var ho føregripen i Israel og av
profetane føreåt kunngjord at ho skulle bli det komande Gudsfolket i den nye
pakta der Gud ville opprette sitt endelege og universelle rike på jorda (Jes
2:2; Jer 31:31). Då tida var komen, vart dette verkeleggjort i inkarnasjonen
av Guds Ord, gjennom forkynninga av evangeliet, utvelginga av dei tolv
apostlane, innsetjinga av Herrens nattverd, Kristi død på krossen og hans
oppstode, så vel som gjennom sendinga av Heilaganden på pinsedagen til
helging av Kyrkja og utrusting av apostlane til deira gjerning.
3. Så er Kyrkja som Herren har grunnlagt på jorda, Kristi
lekam, med Kristus som hovud, ei guddomeleg-menneskeleg organisme; ein
fellesskap som kan bli omtalt og forstått, og samstundes eit indre og
åndeleg tilhøve mellom hennar medlemer og hennar guddomelege grunnleggjar og
medlemane seg imellom. Som Guds pilegrimsfolk lever Kyrkja på jorda i
venting på Herrens gjenkomst når Gudsriket vert fullenda. Ho finst og lever
både i himmelen i alle dei som har nådd fullendinga og som der feirar
sigeren, og på jorda i dei truande som kjempar den gode striden i tru (sjå
2. Tim 4:6). Etter den eine synsmåten er Kyrkja usynleg og himmelsk, etter
den andre er ho jordisk og synleg, ein fellesskap og organisme med eit
hyrde- og presteembete som strukturelt stammar frå apostlane med vedvarande
dogmatiske og etiske grunnsetningar og ei fast, ordna gudsteneste, ei
organisme der det er skilnad på kleresi og lekfolk.
I Kyrkja vert det nye livet i Kristus fullført i Heilaganden;
i henne vert nåden og det guddomelege livet som er i hovudet gjeve til alle
lemene på lekamen til deira helging og frelse.
4. Kyrkja som Herren har grunnlagt på jorda, kan difor ikkje
vere noko reint innvendig, ein usynleg fellesskap eller eit ideal og ei
udefinerbar Kyrkje som dei einskilde kyrkjene berre er eit ufullkome bilete
av. Ei slik oppfatning av Kyrkja sin natur står i motsetnad til ånda i
Skrifta og tradisjonen; ho øydelegg openberringa sitt verkelege innhald og
Kyrkja sin historiske karakter.
II. Kyrkja sin natur/vesen er dogmatisk formulert i den
nikensk-konstantinopolitanske trusvedkjenninga (symbolet) som er stadfesta
av det 4. ekumeniske konsilet i Kalkedon. I dette trussymbolet følgjer
vedkjenninga av trua på «ei, heilag, katolsk og apostolisk Kyrkje» (Mansi
7.112) rett etter vedkjenninga av trua på den treeinige Gud.
1. Kyrkja er éi, for liksom Kristus, hovudet for
Kyrkja, er éin, så er det også éin kropp, gjort levande av Heilaganden, der
Kristus som hovud og dei truande som medlemer, er sameinte. I denne lekamen
er alle dei lokale kyrkjene bundne ihop med kvarandre i ein einskap av tru,
gudsteneste og kyrkjeordning. Einskapen av tru og gudsteneste representerer
det bandet som bind dei truande ihop med Forløysaren og med kvarandre i
kjærleik og fred, og vert uttrykt i vedkjenninga av den same trua og i
feiringa av den same liturgien så langt som læra tillet det. Einskapen i
kyrkjeordning kjem til uttrykk ved at leiarskap vert utøvd på same
prinsipielle grunnlag, og dei truande godtek eitt embete og éin autoritet i
samsvar med dei kanoniske reglane, dvs. biskopsembetet som har ein konsiliær
grunnstruktur.
Sjølv om kyrkjemedlemane oppfattar trussanningane ulikt, vil
ikkje det truge eller minske trusfellesskapen. Heller ikkje skjer det når
Kyrkja somme tider viser tålmod mot menneske som har fjerna seg frå den sams
tru og kyrkjeordning
,
og lét vere å utestenge dei frå kyrkje-fellesskapen av pastorale grunnar og
for fellesskapen si skuld.
Så har altså Kyrkja, Kristi lekam, mange medlemer, og dei
utgjer alle éin lekam og er sameinte i ein usynleg einskap. Herren bad for
denne einskapen der einskapen av dei truande er grunna i einskapen av
Faderen og Sonen (Joh 17:21) som eit bilete på den Treeinige Gud. «For
Faderen, Sonen og Heilaganden har éin vilje. Difor er det hans vilje at også
vi skulle vere eitt, slik han seier det: At dei alle må vere eitt slik du og
eg er eitt»(Johannes Chrysostemos, hom 78.3 i Jo. - PG 59.425).
2. Kyrkja er heilag sidan Kristus, hovudet hennar, er
heilag og gav seg sjølv for henne «for at han kunne helge henne ... så
Kyrkja kunne bli stelt fram for han i herlegdom utan flekk eller rukke eller
noko slikt, heilag og lytelaus skulle ho vere» (Efes 5:26-27). Kristus
gjorde Kyrkja til «Guds hus»(1. Tim 3:15; Hebr 3:6); han gav henne
fellesskap og del i sin heilagdom og nåde og i sitt guddomelege liv; han
«som helga folket med sitt eige blod» (Hebr 13:12). Difor vert også kristne
kalla heilage (Apg 9:13).
Det faktum at medlemane av Kyrkja syndar, gjer ikkje Kyrkja
sin heilagdomom inkje. Fedrene var samstemte i fordøminga av dei som av
overdrivne og asketiske omsyn meinte at Kyrkja er ein fellesskap av berre
fullstendig heilage medlemer.
3. Kyrkja er katolsk, sidan Kristus, hovudet hennar,
er Herren over alle ting. Ho er etla
til å omslutte heile skaparverket, over alle folk og gjennom alle tider (Mt
28:20; Mk 16:15; Apg 1:8). Dette er katolisiteten si ytre, kvantitative
meining.
Kyrkja vert kalla katolsk i ei indre, kvalitativ meining av
ordet, for sjølv om ho er spreidd over heile jorda, er ho alltid og alle
stadar den same. Ho er katolsk fordi ho har den sunne læra (Tit 2:1; sml
1.Tim 6:20), held fram i den opphavlege tradisjonen frå apostlane og tek i
sanning vare på og held fast ved «det som har blitt trudd alle stader,
alltid og av alle» (Vincent av Lerins, commonit. 2 – PL 50.640). Kyrkja er
difor katolsk i den meininga at ho er den ortodokse, autentiske og sanne
Kyrkja.
Etter Kyrill av Jerusalem er «Kyrkja kalla katolsk fordi ho
strekkjer seg ut over heile verda frå eine enden av jorda til den andre; og
fordi ho lærer universelt og fullstendig alle trussanningane som skulle
verte kjende for menneska, både om dei synlege og dei usynlege ting, dei
himmelske og dei jordiske; og fordi ho fører heile menneskeslekta fram til
gudsfrykt, herskarar så vel som undersåttar, lærde såvel som ulærde; og
fordi ho både lækjer og gjer heil alle slag synder som vert gjort med såvel
kropp som sjel, er ho også berar av
alle dei dygder som tenkjast kan, i gjerningar og ord og i alle slag
nådegåver (Cyr. Jer. Cat. 18.23 – PG 33.1044).
4. Kyrkja er apostolisk, sidan hennar guddomelege
grunnleggjar var den første «apostel» (Hebr 3:1; sml Gal 4:4), og fordi ho
er bygd på «apostlane og profetane sin grunnvoll, og Kristus sjølv er
hjørnesteinen» (Efes 2:20).
Jesu sending står i ein vidare samanheng: Sonen vert sendt
inn i verda av Faderen, og han sender sjølv læresveinane (sjå Joh 20:21)
idet han seier til dei: «Den som høyrer dykk, høyrer meg» (Luk 10:16). Etter
deira død held Kyrkja fram sendinga, tek vare på den sanningsarven Herren
har tiltrudd apostlane og gir han vidare i åndeleg liv, i sakramentsfeiring
og i lære. Den apostoliske læra som Kyrkja tek vare på, er apostolisiteten
si innside. Den andre delen som høyrer til, er den ubrotne rekkja av
hyrdingar og lærarar i Kyrkja som tok til med apostlane; denne er Kyrkja
sitt ytre merke og pantet på sanninga hennar. Desse to sidene ved
apostolisiteten, den indre og den ytre, stør og føreset kvarandre; om den
eine eller den andre manglar, er heile Kyrkja sin apostolisitet og
trusfullnad skadd.
Kyrkja sine fire dogmatiske eigenskapar gjennomtrengjer
kvarandre i uoppløyseleg einskap og vitnar om at Kyrkja er uskadeleg (ikkje
skal kunne øydeleggjast) og er ufeilbarleg, «sanninga si støtte og
grunnvoll» (1. Tim 3:15).
III.2 Einskapen av Kyrkja og lokalkyrkjelydane
1. Kyrkja er Kristi eine, udelelege lekam, der dei truande
som lemar på hans lekam, er sameinte med Kristus som hovudet og med
kvarandre. Det høgaste uttrykket for og den evigvarande kjelda til denne
einskapen er evkaristi-sakramentet, kommunionen med Kristi lekam og blod:
«Fordi det er eitt brød, er vi alle éin lekam, for vi har alle del i det
eine brødet» (1. Kor 10:17).
2. Den eine Kyrkja på jorda er å finne i dei mange
lokalkyrkjene der livsmidtpunktet er feiringa av den heilage evkaristien i
samfunn med den lovlege biskopen og prestane hans. «Følg alle biskopen slik
Jesus Kristus gjorde med Faderen, og presten slik de ville følgd apostlane.
... Den evkaristien blir feira gyldig som vert leia av biskopen eller ein
som biskopen har tiltrudd dette oppdraget» (Ignatius av Antiokia, Smyrn. 8.1
– PG 5.582).
3. Utbreiinga av den kristne trua til ulike land og folk og
framveksten av ei mengd lokalkyrkjer, har ikkje oppheva einskapen i Kyrkja
og gjer det heller ikkje idag, så lenge dei lokale kyrkjene samhuga og reint
og usmitta tek vare på den trua dei har fått overgjeve frå Herren gjennom
apostlane. Einskap i tru er den høgaste grunnregel i den katolske Kyrkja: «Kyrkja
... har teke imot trua frå apostlane og læresveinane deira, trua på den eine
Gud, den allmektige Faderen ... og på den eine Jesus Kristus, Guds Son ...
og på Heilaganden. Kyrkja har motteke denne forkynninga. Sjølv om ho er
spreidd ikring i heile verda, tek ho nøye vare på denne forkynninga som om
ho levde i eitt og same hus. Ho held fast på denne tru som om ho hadde berre
éi sjel og eitt og det same hjarta, og ho forkynner, lærer og overleverer
henne samstemt, som om ho gjorde det med éin munn» (Ireneus av Lyor, adv.
Haer. 1.10.1-2- PG 7.549.552).
4. Som ein fellesskap av truande samla kring biskopen og
presteskapet og som Kristi lekam, er kvar lokalkyrkjelyd ein manifestasjon
av heile Kristus på den staden. Han representerer heile Kyrkja sitt
sakramentale nærvere på denne staden. For det livet som er gitt til Kyrkja
av Gud Fader gjennom Kristi nærver i Heilaganden, er gjeve til kvar
lokalkyrkjelyd, ikkje i oppdelt utgåve, men slik at kvar av dei har del i
heile fullnaden. Trass i all skilnad i skikk og bruk, er livet i
lokalkyrkjelydane eitt og det same i sitt vesen: «Ein lekam, ein ande, ...
ein Herre, ei tru, ein dåp, ein Gud og Far for alle...» (Efes 4:4-6). På
kvar stad er der ikkje fleire lekamar men den eine Kristi lekam, udelt og
heil. Denne einskapen i livet åt lokalkyrkjelydane speglar einskapen i den
heilage Treeininga.
5. Lokalkyrkjene kjenner att den same realitet i kvarandre,
og dei stadfester sin vesenseinskap først og fremst ved einskapen i tru, men
også ved einskapen i sitt liturgisk-sakramentale liv, ved einskapen i
grunnprinsippa for si kanoniske ordning og kyrkjestyre såvel som ved
einskapen i episkopatet. Desse grunnprinsippa har fått sitt autentiske
uttrykk i dei kanoniske vedtaka i dei sju ekumeniske synodane og dei
godkjende, lokale synodane eller dei har fått
vitnemål hjå kyrkjefedrene. Sidan Kyrkja i vår tid enno ventar på og difor
bed til Gud om at han frir henne frå det vonde, gjer henne fullkomen i sin
kjærleik og samlar henne frå alle endane av jorda til sitt rike (Didaché
10.5;9.4), må lokalkyrkjelydane i overgjeving ta vare på den vesenseinskapen
som er gitt dei og stadig kjempe mot synda og splittinga sine krefter.
6. Lokalkyrkjene som innanfor sin region over tid har bygd
opp ein nærare fellesskap med ein biskop som fremste leiar, stadfester og
praktiserer denne fellesskapen ved at medlemane får ta imot dei evkaristiske
gåvene hjå kvarandre, ved at leiarar og representantar gjensidig vitjar
kvarandre, ved utveksling av helsingar så vel som ved gjensidig hjelp og
forbøn og på andre måtar som
svarar til dei gåvene kvar av dei har
fått. Alle er nøye med å halde seg til regelen om ikkje å blande seg inn
eller gripe inn i indre tilhøve hjå dei andre.
7. I saker
som gjeld tru eller andre
saker av sams interesse, dvs. saker som gjeld alle og som går ut over den
kompetanse kvar einskild kyrkje har, rådfører lokalkyrkjene seg med
kvarandre og gjer sams vedtak, idet dei i slike synodar lojalt tek omsyn til
den ære- og rangordning som er kanonisk vedteke i Kyrkja. Dette gjeld framom
alt på økumeniske synodar som er øvste autoritet i Kyrkja, instrumentet og
stemma som den Katolske Kyrkja talar gjennom, og slik stadig legg vekt på å ivareta og styrkje einskapen hennar i kjærleik.
III.3 Kyrkja sine grenser
1. Guds kjærleik og hans frelsesvilje er utan grenser og
omfattar alle menneske til alle tider i heile skaparverket, for det er hans
vilje «at alle menneske skal verte frelste og lære sanninga å kjenne» (1.
Tim 2:4). Etter den guddomelege frelsesplanen er det i og gjennom den Kyrkja
Gud har innstifta, og ikkje langt borte frå henne og uavhengig av henne, at
menneske får del i frelsa, for i Kyrkja finst den guddomelege sanninga og
henne har Frelsaren overgjeve dei midla som gjer sæl; Kyrkja er den sikre
vegen til frelse og evig liv. Frelse vert gjeven til truande i Kyrkja av
Heilaganden som alltid vert verande i henne. Difor er det at Ireneus også
seier: «For der Kyrkja er, der er Guds Ande, og der Guds Ande er, der er
Kyrkja og heile nåden» (Ireneus av Lyon, adv. haer. III.24.1 – PG 7.966).
2. På grunn av synda tek ikkje alle imot Guds frelsande nåde
og kjem ikkje inn i kyrkjefellesskapen
.
Men heller ikkje alle som kjem til Kyrkja, vedkjenner den guddomelege
sanninga som vart openberra i Jesus Kristus då tida var komen. Gjennom
historia har Kristi Kyrkje blitt delt opp i fleire kyrkjer som er usamde med
kvarandre, fordi trua og læra som var overgjeven frå apostlane, vart
forfalska. Idag lærer både kristne kyrkjer og vedkjenningar ulikt, ikkje
berre når det gjeld uviktige spørsmål, men også på fundamentale punkt i den
kristne læra. Dette førte m.a. til den falske og uakseptable teorien at den
sanne, synlege Kyrkja, Kyrkja frå aposteltida og kyrkjefedrene si tid, ikkje
lenger eksisterer idag, og at kvar einskild kyrkje forvaltar berre ein del,
større eller mindre, av den sanne Kyrkja og at ingen av dei difor kan
reknast som ein ekte og i vesen fullstendig representant for den sanne
Kyrkja.
3. Men frå den dagen ho vart grunnlagd, heilt til våre dagar,
har den sanne Kyrkja, den eine, heilage, katolske og apostoliske Kyrkja,
funnest
utan noko som helst avbrot der den gamle, udelte Kyrkja si sanne tru,
gudsteneste og kyrkjeordning har vore ivaretekne uendra, slik dei er
uttrykte og formulerte i dei kanoniske vedtaka i dei sju økumeniske synodane
og dei godkjende lokale synodane og hjå kyrkjefedrene.
4. Felleskommisjonen vår reknar heresi og skisma som så
viktige at vi held dei fellesskapa som held fram i heresi og skisma som
langt ifrå jamngode med den sanne og synlege Kyrkja i formidling av frelsa.
Kommisjonen trur likevel at spørsmålet om Kyrkja sin grenser kan sjåast i
eit vidare synsfelt. Sidan det ikkje er mogleg å setje grenser for Guds
makt, han som vil at alle menneske skal finne frelsa og lære sanninga å
kjenne, og sidan evangeliet talar klart om frelse gjennom trua på Guds
einborne Son - «den som trur på Sonen, har evig liv, men den som er ulydig
mot Sonen, skal ikkje sjå livet» (Joh 3:36) -, kan ein ikkje utelukke at den
guddomelege allmakta og nåden er nærverande og aktiv alle stader der dei
ikkje fullstendig har skild seg heilt frå sanninga åt den eine Kyrkja og
ikkje er blitt heilt framandgjorde frå henne, alle stadar der «Gud sjølv
ikkje er stilt spørsmål ved», der «kjelda til liv, Treeininga, vert forkynt
og frelseshushaldninga i inkarnasjonsmysteriet vert fasthalde» (Peter III,
Patriark i Antiokia, Brev til Michael Cerularios av Konstantinopel 14 - PG
120.805,808).
5. Under denne synsvinkelen i spørsmålet om Kyrkja sine
grenser, der den kyrkjelege einskapen som Kristi kropp vert forstått i ei
vidare meining, er alle som trur på Kristus, kalla til kjærleg, ærleg og
tålmodig å søkje dialogen med kvarandre, og å be uavlatande om
gjenoppretting av einskapen i tru og full kyrkjeleg fellesskap, for at
Herren Gud må få føre alle menneske til å kjenne sanninga og når den heile
og fulle einskapen.
III.4 Autoriteten åt Kyrkja og i Kyrkja.
I.
1. Opphavet og grunnlaget for autoriteten åt Kyrkja som ein
fellesskap mellom Gud og menneske, er den fullmakta og autoriteten som
Herren og hovudet hennar, Jesus Kristus, har frå Far sin, (sjå Matt 28:18;
Luk 10:16). I sitt jordeliv utøvde Herren denne fullmakta og autoriteten
gjenom frelsesverket og gav dei vidare til apostlane etter oppstoda –
gjennom dei til biskopane – og til heile Kyrkja (Matt 28:19-20; Joh 20:21).
Herren som hadde lova Kyrkja at Han ville vere med henne
«alltid, så lenge verda står» (Matt 28:20), sende henne også «ein annan
talsmann», «Sanningsanden» (Joh 14:16-17: 15:26; 16:13), så Han sjølv kunne
vere i henne for alltid og føre henne fram til heile sanninga. Difor vert
Kyrkja kalla «den levande Guds kyrkje, sannings støtte og grunnvoll» (1. Tim
3:15).
2. Kyrkja utøver si fullmakt og sin autoritet i Jesu Kristi
namn og i krafta åt den Hjelparen som bur i henne. Difor utrettar ho den
oppgåva ho er tildelt på ein autoritativ måte ved dei åndelege kreftene som
ho fyller alle sine medlemer med. Desse er «kjærleik, glede, fred, langmod,
mildskap, godleik, truskap, spaklynde og sjølvtøyming» (Gal 5:22-23), men
ikkje ved bruk av ytre tvangsmiddel.
3. Når Kyrkja utøver autoriteten som er utforma slik, leier
ho medlemane sine til sannkjenning av dei guddomelege sanningane ho med
fullmakt byd fram og leier dei til å tilpasse seg desse i den fridomen
«Kristus har frigjort oss til» (Gal 5:1) og i lydnad. Sannkjenning veks fram
under Heilaganden sin påverknad, men sanninga set oss fri (sml Joh 8:32)
fordi «der Herrens Ande er, der er fridom» (2. Kor 3:17).
II.
1. Kyrkja sin autoritet, som heile Kyrkja er berar av idet ho
er Kristi lekam, vart tydeleggjort opp gjennom historia gjennom hendingar og
i vedtak som verna den Heilage Skrifta og den heilage tradisjonen mot
forfalsking gjennom vranglærer; som skilde dei kanoniske bøkene i den
Heilage Skrifta frå dei falske og fastsette den Heilage Skrifta sin kanon;
som verna, tolka og vidareformidla den levande trusoverleveringa; som
formulerte, kompletterte og etablerte trusvedkjenninga; som fastla
presteembetet og dei grunnleggande prinsippa for kyrkjeordninga og som
oppretta ordninga for messefeiringa og for heile det kyrkjelege livet.
2. Tolkinga av den Heilage Skrifta er ei vedvarande oppgåve
for Kyrkja. Den Heilage Skrifta står ikkje over Kyrkja; ho kom istand innom
henne. Slik Kyrkja lever i lyset frå vitnemålet åt den heilage openberringa,
må ein også forstå og tolke den Heilage Skrifta i samanheng med den levande
tradisjonen i Kyrkja og med kyrkjelege vedtak i trusspørsmål. Difor er berre
den læresetninga sann – når ein ser bort frå dei problema som oppstår pga
tidsbundne og språkavhengige uttrykk - som i sitt vesen samstemmer med den
Heilage Skrifta og den heilage tradisjonen. Når Kyrkja utøver sin autoritet
i dogmatiske vedtak, byggjer ho alltid på begge desse, nemleg på den Heilage
Skrifta og den heilage tradisjonen, idet ho ivaretek begge desse vitnemåla
sine og utdjupar forståinga av dei.
3. Ei særleg viktig rolle for Kyrkja spelar den samstemte
læra åt fedrane og lærarane hennar. I skriftene deira er den apostoliske
tradisjonen, som i vitnemålet i den Heilage Skrifta har fått sitt inspirerte
skriftlege nedslag, ivareteken og tolka. Kyrkja godtek desse samstemte
vitnemåla frå fedrane som autoritative vitnemål (sjå Vincent av Lerin,
Commonit. 3 og 28 – PL 50.641, 674-678, og heile kyrkjefedre-tradisjonen).
III.
Dette er dei særlege autoritets-berarane og -organa i Kyrkja:
1. Biskopen, som i apostolisk suksesjon er den rettmessige
leiaren av den lokale Kyrkja. Den heilage Ignatius av Antiokia formulerer
tydeleg stillinga og oppgåva som biskopen har i sin posisjon som
autoritetsberar når han skriv at kvar den som er lydig mot biskopen set seg
under Guds autoritet, for biskopen representerer og ber med seg Guds
autoritet (Magn. 3,1-3; 6,1; Trall. 2,1 – PG 5.664f, 668, 676), idet han
alltid handlar kollegialt saman med dei presbytarane han har innsett: «Sidan
Herren ikkje gjorde noko utan Faderen som Han er eitt med, korkje åleine
eller gjennom apostlane, så skal de ikkje gjere noko utan biskopen og
presbytarane» (Magn. 7,1: sml. Efes. 4,1; Trall. 3,1; Smyrn 8,1 – PG 5.668,
648, 677, 713).
Med den fullmakta og autoriteten som i nåde følgjer
bispeembetet, vaktar biskopen over reinleiken åt truslæra i Kyrkja, held
oppe den kanoniske ordninga, administrerer sakramenta og leier gjennom
forkynninga den flokken som er tiltrudd han, til den evangeliske nåden sine
frelses-enger. I si Kyrkje
handlar biskopen samstemmig med det presbyterium og det folk som til
gjengjeld følgjer biskopen som sin evangeliske hyrding. Ifølgje Cyprian er
Kyrkja «det folket som er sameint med biskopen, og den flokken som held seg
til hyrdingen sin. Ein må difor skjøne at biskopen er i Kyrkja og Kyrkja er
i biskopen» (Cyprian av Kartago, ep. 66.8 – PL 4.406/419).
2. Kyrkja sine synodar, særleg dei økumeniske konsila.
I konsila representerer kvar av biskopane si eiga Kyrkje i
kraft av sitt biskopsembete. Konsilvedtaka hevdar og har likevel autoritet
så langt som dei har tilslutnad frå Kyrkja, som er representert ved dei
samla biskopane (sjå Apg 15).
IV.
1. Kyrkja sin autoritet er også knytt til Kyrkja sitt samla
trusmedvit. Dette er kleresiet og dei truande si felles tru, heile Kyrkja (pleroma)
sitt mest omfattande vitnemål, ho som deler ansvaret for at den overleverte
sanninga alltid vert teken vare på uskadd og uforfalska. Kyrkja si samla
trusforståing utgjer også, mellom andre, det avgjerande kriteriet for
godkjenning av dei økumeniske konsila i seg sjølve og av deira fedrar som
sanne tolkarar av Kyrkja si tru, som dei kanonisk representerer.
2. Sams trusmedvit kjem til syne på ulike måtar. Det kjem til
uttrykk ved vedkjennarane og martyrane, ørkenfedrene og mystikarane, dei
heilage klosterfedrene, dei karismatisk utrusta truande og i det heile teke
ved alle som har motteke Heilaganden
i dåpen og
konfirmasjonen og som også er kalla til å vitne om evangeliet i verda, i
gudsteneste og gjennom andre måtar som kyrkjelivet kjem til uttrykk på.
3. Endeleg må ein framheve at autoritet på alle nivå og på
alle måtar den kjem til uttrykk, føreset sanninga, kjærleiken, audmjukskapen
og fridomen si ånd. Berre då vert autoriteten åt Kyrkja og i Kyrkja utøvd
som ei velsigning for hennar liv og teneste for verda. For Herren over
Kyrkja, som er gjeven all makt og autoritet i himmelen og på jorda, utøvde
si makt som ei tenargjerning (sjå Luk 22:27; Joh 13:14-17). Difor må Kyrkja
sin autoritet ha tenestekarakter og på alle vis vere innretta mot at Kristi
lekam vert bygd opp og får vekse i kjærleik (sjå Efes 4:11-16).
III.5 Korleis Kyrkja er ufeilbarleg.
Den verkelege og sanne Gud (Joh 3:33; 17:3; Rom 3:4; 1 Tess
1:9) sende Son sin, som sjølv er Sanninga (Joh 14:6), «for oss menneske og
til vår frelse», som vert verkeleg i den Kyrkja Han har grunnlagd. Sonen
sender Trøystaren frå Faderen til Kyrkja, Sanningsanden, som utgår frå
Faderen, for at han alltid skal bli verande hjå henne og føre henne til
heile sanninga (Joh 14:15-17). Kyrkja har difor del i den evne Gud har til å
vere fullt ut sann, trufast og ufeilbarleg. Heilaganden vitnar om Kristus og
difor vitnar Kyrkja om sin Herre og hans undervisning når ho tek imot den
apostoliske tradisjonen og leverer han vidare (Joh 15:26-27). Heilaganden
lærer henne alt og minner henne om alt det Kristus har fortalt (Joh 14:26;
sjå 15:26).
Sidan Kristus er med si Kyrkje så lenge verda står (Matt
28:20), held ho – trass all menneskeleg veikskap hjå hennar medlemer – den
openberra sanninga, «skatten» ho er overgjeven (2. Tim 1:14), rein og heil
så dødsmaktene ikkje skal vinne over henne (Matt 16:18). Difor er Kyrkja
kalla «Guds hus», «sanninga sin støtte og grunnvoll» (1. Tim 3:15) og er
istand til på ein påliteleg måte å gje vidare til medlemane sine den trua ho
har motteke, og å bringe uforfalska vitnemål om henne for verda. Kyrkja si
ufeilbarlege evne skriv seg frå Herren og frå Heilaganden. Kyrkja er i
Kristus, og han arbeider i henne gjennom Anden som
er utrent i hjarta åt dei truande (sjå Gal 4:6). Denne ufeilbarlege evna er
ikkje gjort ugyldig i sitt vesen av medlemane sine synder og manglar (sjå
Rom 3:3-4).
Kyrkja er ufeilbarleg berre som heilskap og ikkje ved hennar
medlemer kvar for seg, anten dei er biskopar, patriarkar eller pavar, eller
dei er kleresi, folk eller einskild-kyrkjelydar. Sidan Kyrkja er
fellesskapen av truande som er opplærde av Gud (sjå Joh 6:45), gjeld
ufeilbarlegdomen berre heile Kyrkja. Ordinerte og lekfolk utgjer som
medlemer Kristi lekam og er «fullnaden av han som fyller alt i alle» (Efes
1:23). Det er dei truande som heilskap som har «salven frå han som er den
heilage», som retteleg kjenner sanninga (sjå 1. Joh 2:20.27) og lever av
henne. Denne heilskapen av truande feilar ikkje når dei vedkjenner trua
samstemde frå biskopane til dei siste av det truande folket.
Difor er det høgaste kyrkjelege organet som kan uttrykkje
trua ufeilbarleg, eit økumenisk konsil. Lokale synodar så vel som biskopar
og alle einskildmedlemer i Kyrkja, står under det økumeniske konsilet som
heile Kyrkja sitt talerør. Slik var det alt i aposteltida då apostlane kom
saman med presbyterane og heile kyrkjelyden i Jerusalem for å uttrykkje
heile Kyrkja sin vilje med éi røyst. Denne forsamlinga utøvde større
autoritet enn nokon einskild-apostel (sjå Apt 15). Grunnlaget for at eit
økumenisk konsil som gjer sine vedtak under rettleiing av Heilaganden, kan
hevde å vere ufeilbarleg, ligg i samsvaret med heile den katolske Kyrkja.
Utan dette samsvaret kan ikkje noko forsamling vere eit økumenisk konsil.
Det er naudsynt for Kyrkja å gjere dogmatiske vedtak når den
sunne kyrkjelæra vert truga eller det trengst særleg utdjuping og vitnemål for å verje henne mot vranglære og splitting og
for å verne den kyrkjelege einskapen. Spørsmålet om å vere ufeilbarleg
oppstår berre i saker som gjeld frelseslæra.
På grunnleggande måte inspirerte Heilaganden, som er Kristi
Ande, den Heilage Skrifta som ber vitnemål om det inkarnerte evige Guds Ord.
Heilaganden si rettleiing av Kyrkja forstår vi difor som samsvar såvel med
Skrifta som med den overleverte apostoliske læra og er difor aldri utan
referanse til desse to (sjå Joh 16:13). Den truskontinuitet som dermed har
oppstått i Kyrkja, inneber også at det er naudsynt
å fasthalde heile fullnaden av det kyrkjelege vitnemålet til alle tider.
III.6 Kyrkjemøta
Kyrkja er som Kristi lekam Heilagandens tempel der alle
medlemer vert døypte inn i den eine lekamen og dermed står i fellesskapen
for det nye livet
og sannkjenner sanninga saman i Heilaganden. Den eldste Kyrkja sin
episkopale og synodale konstitusjon uttrykkjer Kyrkja sitt liv som
fellesskapen av alle hennar truande som lever i einskapen i Kristi lekam.
Tilsvarande er biskopane som representerer Kyrkja sitt hovud, som er
Kristus, og som leier den evkaristiske og den synodale forsamlinga, sameinte
med heile Guds folk som medlemer av den eine lekamen (sjå Ignatius av
Antiokia, Smyrn. 8.2 – PG 5.713).
I mangfaldet i det nye livet som vert oppfylt i Kristus
gjennom Heilaganden, syner den synodale karakteren seg som grunnleggande for
kyrkjeordninga. Slik kan Kyrkja som eit folk kalla av Gud, frelst av Kristus
og opplyste av Heilaganden, omtalast som den store synoden som speglar av
den treeinige einskapen av Gud Fader, Son og Heilagande.
Dette grunntrekket ved Kyrkja er særleg framtredande i dei
representative samlingane av biskopane i lokalkyrkjene som møtest til synode
for å drøfte og avgjere spørsmål som gjeld tru og kyrkjeordning - avgjerder
som heile Kyrkja til sjuande og sist må ta stilling til og anten godkjenne
eller forkaste.
Høgaste uttrykket for Kyrkja sitt synodale liv er det
ekumeniske kyrkjemøtet. Det kjem saman for at biskopane, som representerer
lokalkyrkjene, kan gjere vedtak som gjeld tru og kyrkjeordning for heile
Kyrkja og som vil vere bindande for henne. Dei økumeniske kyrkjemøta er
Kyrkja sine høgaste organ for å avvise vranglærer, formulere dogmer, utforme
og konsolidere kyrkjeordninga og verne om den kyrkjelege einskapen som er
grunna i den sanne trua.
Vi godtek desse sju ekumeniske konsila/kyrkjemøta: Nikea 325,
Konstantinopel 381, Efesus 431, Kalkedon 451, Konstantinopel 553 og 680 så
vel som Nikea 787. Her fekk trua åt den eine, heilage, katolske og
apostoliske Kyrkja sitt uttrykk, og einskapen av alle lokalkyrkjene i den
eine, Heilage Kristi lekam vart synleg. Difor er det at dei ekumeniske
kyrkjemøta ikkje står over heile Kyrkja men i henne. Difor er ikkje gitt, i
og med innkallinga, at eit konsil er rett ekumenisk eller at vedtaka der er
gyldige. Men det viser seg å vere ekumenisk i og med at Kyrkja som heilskap
(pleroma) i etterkant og på fritt grunnlag gir sin tilslutnad.
Ved at dei deltek i heile det kyrkjelege livet, oppfyller
kyrkjemedlemane – ordinerte og lekfolk – einskapen i Kristi lekam. I denne
einskapen og heilskapen kjem det ufeilbarlege ved Kyrkja til uttrykk.
Tilsvarande kan også ekumeniske kyrkjemøte godkjenne at vedtak i lokale
synodar er gjort under Heilaganden si leiing. På den andre sida har dei
lokale synodane også førebudd innhaldet i vedtaka i dei ekumeniske
kyrkjemøta og tilrettelagt for tilslutning til vedtaka herifrå.
Kyrkjemøtevedtaka er vedtak om tru (horoi) eller om lov og
ordning (kanones). Av desse har vedtaka i trusspørsmål direkte autoritet og
er bindande for heile Kyrkja, for dei gjeld dogmer grunna i openbering.
Difor kan innhaldet deira ikkje verte endra eller oppheva. Men Kyrkja kan gi
dei tolkande utlegging inn i bestemte behov eller situasjonar for å
tydeleggjere trusforståinga og trusvitnemålet. Kanones frå både ekumeniske
og lokale kyrkjemøte kan prinsipielt bli erstatta eller supplert av nye
kanones ved tilsvarande seinare kyrkjemøte så lenge dei ikkje vedgår
trusspørsmål.
Generelt meiner dei ortodokse og gamalkatolske kyrkjene at
kyrkjemøta deira har rett til, når det er naudsynt, å opprette nye kanones
og å gjere dei gjeldande i sine eigne kyrkjer.
III.7 Apostolisk suksesjon er naudsynt
1. Med apostolisk suksesjon forstår vi her såvel overgjevinga
av nåden åt det geistlege embetet ved rettmessig handspålegging, som
apostolisitet i vidare forstand, dvs. både den samanhengande og uforfalska
vidareformidlinga av den overleverte truslæra frå apostlane og den ubrotne
etterfølgjinga av biskopar frå apostlane av. Den første utgjer grunnlaget,
den andre er eit viktig kjennemerke ved apostolisk su gav henne. ksesjon i
og med at avvik frå apostolisk lære øydelegg apostolisk kontinuitet, og
ulovleg ordinasjon ved ikkje-godkjend person, bryt den.
Apostolisk suksesjon i denne vidare meining er viktig og
naudsynt for det kyrkjelege livet for at Herrens frelsesgjerning kan halde
fram ved trufast formidling av den nåden som frelser og helgar. Som Jesus
Kristus vart send av Faderen, sende Han også apostlane for å samle Guds folk
og grunnlegge og byggje opp si Kyrkje gjennom dei.
2. Som augevitne om den oppstadne Kristus og som
grunnleggjarar av den kristne Kyrkja, har ikkje, og kan ikkje, apostlane ha
etterfølgjarar. Likevel har dei etterfølgjarar i den apostoliske tenesta som
skal samle og byggje kyrkjelyden igjen og igjen
ved å forkynne Guds ord og stå føre det liturgiske og sakramentale livet,
særleg feiringa av den heilage evkaristien.
Sjølv om det Nye Testamentet talar om mange nådegåver og
tenester mellom dei truande, etterlét det ingen tvil om at apostlane si
teneste og sending er eineståande, grunnleggjande og ikkje råd å gjenta (sjå
Apg 1:21-22; 1.Kor 12:28; Ef 2:20; Opb 21:14).
3. Kyrkja har livet sitt frå Kristus som er tilstade i henne
og som arbeider gjenom Heilaganden. Kristus er Kyrkja sin Herre og talar til
henne, elskar henne og er den eine som ho lyttar til. Denne relasjonen
mellom Kristus og Kyrkja er ikkje berre ein abstrakt tanke, men ein konkret
røyndom og erfaringar som vert formidla av personar kalla av Kristus. Slik
det var tilfelle på apostlane si tid, må det også vere i vår tid og til alle
tider, for Kyrkja sin fundamentale struktur kan ikkje vere nokon annan enn
den Kristus
Kyrkja, fellesskapen som ikkje kan greie seg utan denne
struktuen, må altså til alle tider vere i levande samband med opphavet sitt
og med Kyrkja i alle generasjonar. Kallet til dei ordinerte tenarane i den
apostoliske suksesjonen dukkar difor ikkje opp som noko heilt nytt utan
samband med Kyrkja sitt opphav, men som oppgåva å ta på seg og
vidareformidle det som hende i Kyrkja frå starten av. Handspålegging med bøn
i fellesskapen av heile Kyrkja er den einaste sakramentale handlinga for å
vidareføre det ordinerte embetet sin nåde slik Skrifta og tradisjonen vitnar
om det.
4. Kyrkjefedrene lærer ålment at det er naudsynt å halde oppe
apostolisk suksesjon både for å trygge kontinuitet i apostolisk lære og for
å vidareføre det geistlege embetet og den nåden som vert gjeven ved den
rettmessige handspålegginga.
5. Den ortodokse kyrkja i aust vil gjere merksam på kor
naudsynt apostolisk suksesjon i ovanfornemnde meining har vore heilt frå
starten, og særleg kor viktig det er no, og reiser saka kvar gong spørsmålet
kjem opp om gjenskaping av kristen einskap. Den gamalkatolske kyrkja held
også fast på at dette er naudsynt.
III.8 Kyrkja sitt hovud
Kyrkja sitt hovud er Kristus, den førstefødde i heile
skaparverket, som alle ting vart skapte ved og til, og gjennom Han ville Gud
forsone alle ting med seg sjølv ved å skape fred ved Hans blod på krossen
(sjå Kol 1:15-20). Frå den livsens fullnad som er i hovudet, Kristus, har
lemane på lekamen nytt liv i Kristus gjennom Heilaganden (sjå Rom 6:11;
2.Kor 5:17; Kol 2:9f). «Alt la Han under Hans føter, og Han, hovudet over
alle ting, har Han gjeve til Kyrkja, som er Kristi lekam, fylt av Han som
fyller alt i alle.» (Ef 1:22f). Kristus er verkeleg «den eine Herren» (Ef
4:5), det einaste hovudet på kroppen Kyrkja. «Han gjer at heile lekamen veks
så som Gud vil, og lekamen vert halden oppe og bunden saman av alle leder og
band.» (Kol 2:19; sjå Ef 4:15). Difor kan ikkje Kristus tenkjast utan Kyrkja,
hovudet ikkje utan lekamen og omvendt sidan Kristus og Kyrkja er bundne ihop
med kvarandre og kviler i absolutt, uskiljeleg og evig sameining. Den
truande, rettferdiggjort ved Jesu Kristi blod, er frelst ved han. Han har
fred med Gud og kan rose seg av vona om Guds herlegdom. Denne vona kan ikkje
øydeleggjast fordi Guds kjærleik har blit utrent i hjarto deira ved
Heilaganden som er gjeven dei (sjå Rom 5:1-5). Så Kyrkja som Kristi lekam er
sameint med hovudet sitt ved Heilaganden og utgjer i lag med Han heile
Kristus (sjå Ef 1:22f). I Han har lemane nytt liv og veks ved Heilaganden
mot fullending i guddomeleg nåde i den faste vona at dei skal verte Han
like, for dei skal sjå Han som Han er (1.Joh 3:2).
Midtpunktet for det nye livet er den heilage evkaristien der
det indre bandet mellom kroppen og hovudet kjem til syne. Biskopen som leier
evkaristifeiringa, står der i Kristi stad, og når han såleis bringer Gud det
ein gong for alle frambore Kristi offer, representerer han Kristus, hovudet
for Kyrkja som er samla rundt han og som han feirar i namnet til.
Biskopane, apostlane sine etterfølgjarar som held fram den
apostoliske tenesta, er trufaste garantistar for Kyrkja sin katolisitet og
apostolisitet. Etter guddomeleg lov er biskopane seg imellom av lik rang,
for dei har alle motteke same biskopsnåden ved den lovlege sakramentale
handspålegginga, og dei står i same apostoliske suksesjon. Sameleis har dei
utan kvantitative eller kvalitative skilnader, del i den eine og same
episkopale autoritet. Dei er biskopar mellom biskopar, Kristi og Kyrkja sine
tenarar. Dei er også lemar på lekamen som er Kyrkja, samtidig som dei har ei
særleg stilling i henne.
Sjølv om biskopane har same episkopale autoritet, ber
kyrkjelivet dei fyrste tre århundra vitnemål om ei differensiering i rang
mellom dei ulike bispeseta. Biskopane i visse lokalkyrkjer, som av ulike
grunnar hadde fått større autoritet, fekk ein særleg ærefull posisjon og
hadde større innverknad i kyrkjelege spørsmål. Den spesielt ærefulle
stillinga til biskopane på desse bispeseta utvikla seg ved dei ekumeniske
synodane frå det 4. århundret til ei æresplassering (presbeia timés) i
Kyrkja (3. kanon ved den 2. ekumeniske synoden – Mansi 3.560). Biskopen av
Roma fekk ein slik ærefull posisjon sidan bispestolen i Roma var det fremste
av bispeseta: Roma var imperiehovudstaden og kyrkja her trygde den
apostoliske tradisjonen utan nokon nydanningar. Ho førte evangeliet om
frelsa til folk og nasjonar som enno ikkje hadde høyrt om Kristus og var rik
på kyrkjeleg liv og kjærleiksgjerningar. Difor hadde biskopen i Roma
æresplassering i Kyrkja. Men når det kjem til biskopeleg autoritet, står han
ikkje over sine biskopsbrør. Sameleis gjeld det for dei andre bisokopane i
Kyrkja som har nokon slag æresrang.
Etter læra åt dei ortodokse og gamalkatolske kyrkjene, vert
alle dekret frå seinare tid som tilskriv biskopen i Roma eineveldig og
absolutt autoritet over heile Kyrkja og ser han som ufeilbarleg når han
formulerer læresetningar i eigenskap av «hyrding og lærar for alle kristne»
(ex cathedra), å rekne som uakseptable. Med sitt vedvarande arbeid for
einskap, vonar begge kyrkjene at den noverande vansken og delinga kan verte
overvunne ved Han som er Kyrkja sitt Hovud og Herre, for at dei som trur på
Han, etter Hans eigne ord, kan vere eitt så verda må kome til tru (sjå Joh
17:20f).
Til toppen
IV LÆRA OM FRELSA
IV.1 Kristi frelsesgjerning
«For så elska Gud verda at Han gav Son sin, den einborne, så
kvar den som trur på Han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.» (Joh
3:16). Gud ville i sin kjærleik og nåde frelse menneska som hadde mist
felleskapen med Gud ved synd og difor var dømd til øydelegging og død. Denne
Guds avgjerd vart utført av Guds Son og Logos. Og då tida var fullkomen,
«for oss menneske og til vår frelse» vart han send til verda og vart
menneske, «nedra seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen»
(Fil 2:8).
Guds Son fullførde frelsesgjerninga ved inkarnasjonen og
heile sitt jordiske liv, ved sin dåp, sine ord og gjerningar, si liding, sin
død på krossen, si nedstiging til dødsriket, si oppstode og himmelferd og
sendinga av Heilaganden.
Ved inkarnasjonen starta Herren fullføringa av
frelsesmysteriet. I den guddomelege Logos kom den hypostatiske unionen av
menneskeleg og guddomeleg natur i stand og forma fundamentet og startpunktet
for frelsa for heile menneskeslekta, som er forstått som ein organisk og
samla heilskap (sjå Gregor av Nyssa, hom. Opif. 16 – PG 44.185). Den
guddomelege Logos tok opp ein spesiell menneskenatur i sin inkarnasjon, men
fordi heile menneskeslekta er éi, sameinte han heile menneskeslekta med seg
sjølv, den «eine sameinte og udelte natur» (Gregor av Nyssa, tres dii – PG
45.120) som han har utløyst og atterreist til å verte så vakker som ho
opphavleg var. Herren har samanfatta og sameinte med seg sjølv «mennesket si
opphavlege form» og «menneske si lange historie», så vi kan gjenvinne i Han
det vi har mist i Adam: Fridomen frå synd og død og evig liv i fellesskap
med Gud (sjå Ireneus af Lyon, haer.3.13.1,7 – PG 7.932,938; sjå også Kyril
av Alexandria, Jo. 9 – PG 74.273; Leo I av Roma, sermo 12.1 – PL 54.168f). I
den siste Adam er Guds bilete som var vorte dimt og øydelagt av synda frå
den første Adam, vorte bygt opp att, fornya og gjort rikare.
Vidare har bodskapen som den største profeten og læraren i
menneskeætta, Jesus Kristus, har forkynt i ord og gjerning, frelsande kraft
for mennesket og evne til å frigjere menneskeånda frå den formørkinga og
rådløysa som kom frå synda. Det han lærte, stadfesta han med teikn og
spådomar om det som skulle kome. Gjennom heile sitt jordiske liv synte han
seg som det beste og mest framifrå førebilete i heilagdom og lydnad mot Guds
vilje. Herrens bodskap som ikkje kan øydeleggjast (sjå Mt 24:35; Mk 13:31;
Lk 21:33) og som ikkje treng noka perfeksjonering, vert gjeve av ein nådig
Gud til alle menneske utan å gjere skil. Det er Guds direkte kall til alle
om å vende om frå «mørker til hans underfulle ljos» (1.Pet 2:9), til
sanninga og frelsa i Kristus som har absolutt og universell karakter og er
meint for alle til alle tider.
Den guddomelege Frelsaren vann frelsa for menneskeslekta ved
å fornedre seg sjølv og ved den fullstendige lydnaden han synte gjennom
heile sitt liv, særleg ved si liding og død på krossen då han fridde
menneskeslekta frå synda og «vart opphav til evig frelse for alle som lyder
han» (Hebr 5:9). Offeret som Jesus Kristus gjorde på krossen som den evige
øvstepresten og mellommannen for den nye pakta (sjå Hebr 9:11-15) i vår stad
og for våre synder, var eit sonoffer. Han vart «ei soning for syndene våre,
ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.» (1. Joh 2:2) Ved
offeret sitt utløyste og frelste han oss sidan han bar fram livet sitt i
kjærleik som løysepenge. Ved krossdøden tok Herren på seg menneska sine
synder (sjå Jes 53:4f; 2.Kor 5:21; 1.Pet 2:24) og vaska dei av oss med sitt
blod «så vi skulle døy bort frå syndene og leva for rettferda» (1.Pet 2:24).
Krafta i krossofferet som vart bore fram på Golgata ein gong for alle,
femner menneskeslekta til alle tider og gir dei den frelsesnåden som
strøymer frå det.
Herren fullførte frelsesverket i herlegdom. Dette syner seg
når han stig ned i dødsriket, i hans oppstode og himmelferd, når han set seg
ved Faderens høgre hand, i hans stilling som framtidig domar over levande og
døde så vel som i Kyrkja som er grunnlagt av han. I henne held han fram sitt
utløysingsverk for heile verda idet han gir av seg sjølv til dei som han
stadig ber fram for Gud i forbøn (sjå Hebr 9:24). Dette gjer han gjennom
Heilaganden sitt arbeid, han som vart sendt pinsedagen for å verte verande i
Kyrkja for alltid. Herrens oppstode er stadfestinga og den sikre garantien
for at mennesket er fri frå synd, forgjengelegdom og død og er midtpunktet
for den kristne trua (sjå Rom 8:11; 1.Kor 15:20-23). Ho er pantet og starten
på oppstode og udøyelegdom for alle menneske, for Herren er «fyrstegrøda av
dei som er avsovna» og «alle skal få liv ved Kristus» (1.Kor 15:20-23; sjå
Kol 1:18).
Den siste manifestasjonen av Herrens herlegdom er hans
atterkome ved tidarenden, for han skal døme levande og døde, gjere himmel og
jord nye og råde saman med dei utvalde i Faderens rike i all æve.
IV.2 Heilaganden si gjerning i Kyrkja og mottakinga av frelsa
Gud, vår Herre, har av kjærleik til syndige menneske sendt
Son sin til verda (sjå Joh 3:16), han som forsonar alt i himmel og på jord
(sjå Kol 1:20) og fornya skapningen ved si oppstode (sjå 2.Kor 5:15-18).
Jesus Kristus baud læresveinane sine å forkynne evangeliet til alle nasjonar
(sjå Mt 28:19f) så denne frelsa kan lyse for alle som sit i mørke og
dødsskugge (sjå Lk 1:79).
Det einskilde mennesket si mottaking av frelsa skjer i Kyrkja
gjennom Heilaganden sitt arbeid, han som deler ut nåden. Heilaganden som
utgår frå Faderen og kviler i Sonen og vert gjeven og har synt seg for dei
truande gjennom Sonen (sjå Johannes av Damaskus, Expos. fid.1,8; PG
94.821,833), vert for all tid verande i Kyrkja, fyller henne og byggjer
henne opp, fornyar og helgar henne og gjer henne til ei «frelsesark» for
heile verda. Han er parakleten (talsmannen) som er sendt av Herren til å
leie Kyrkja fram til heile sanninga (sjå Joh 16:13). Alt det Sonen gjer i
Kyrkja til hugnad for menneska vert, i følgje dei heilage fedrene, «fullført
ved den nåden Anden gjev» (Basilius den store, Spir. S. 16/39 – PG 32.140).
Heilaganden er samstundes Kyrkja si sjel, den livgjevande, helgande og
samanbindande krafta i lekamen hennar. Heilaganden og Kyrkja er uskiljelege:
«For der Kyrkja er, der er også Guds Ande, og der Guds Ande er, der er
Kyrkja og all nåde» (Ireneus av Lyon, Adv. Haer. 3.24.1 – PG 7.966).
Heilaganden er grunnleggjande for mennesket sitt nye liv i Kyrkja, det som
er fødd på ny av vatn og Anden (sjå Joh 3:5f).
Vi menneske tek imot Heilagandens gåve i Kyrkja gjennom
Kristus og vert med det Guds born og Kristi medarvingar (sjå Rom 8:15-17);
vi vert tekne inn att i den fellesskapen med Gud som han skapte oss til.
Barnekåret si ånd lever i våre hjarto og ropar «Abba, Far» (sjå Rom 8:15;
Gal 4:6). Han «kjem oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi
skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det
ikkje finstt ord for.» (Rom 8:26). Anden bur i dei truande sine hjarto som i
eit tempel (sjå 1.Kor 6:19). Han sameinar dei i feiringa av den heilage
evkaristien til éin lekam i Kyrkja sin fellesskap. Han gir dei kristne del i
sin heilagdom; dei vert «delaktige i guddomeleg natur» (2.Pet 1:4), dvs. «guddomeleggjorde
ved å vere delaktige i den guddomelege ljosglansen men utan å bli forvandla
til guddomeleg vesen» (Johannes av Damaskus, Expos. Fid. 2.12; - PG 94.924).
Han deler sine nådegåver ut til kvar einskild til oppbygging av Kristi lekam:
Gåva å tale visdom, gåva å tale kunnskap, lækjedoms gåve, gåva å prøve
åndene, særleg det ordinerte embetet si gåve som reidskap for å byggje opp
denne lekamen (sjå 1.Kor 12:4-11.28f).
Gud frelser mennesket utan å krenkje den frie viljen. «Han
vil at alle skal verte frelste, men han tvingar ingen. Gud er viljug ... til
å frelse menneske, ikkje imot hans vilje og avgjerd, men med hans viljuge og
frie avgjerd (Johannes Chrysostomos, hom. 3.6 i Ac 9.1 – PG 51.144). Når
mennesket tek imot frelsa i Kristus, skjer det ved eit samarbeid mellom
Heilaganden og mennesket. Heilaganden utøver kallet, opplysninga,
omvendinga, rettferdiggjeringa, atterfødinga i dåpen og helginga i Kyrkja.
Mennesket på si side tek imot nåden det vert bode og deltek friviljug i tru
og gode gjerningar, med andre ord ved «tru, verksam i kjærleik» (Gal 5:6).
Dette samarbeidet må ein ikkje forstå slik at Gud åleine utfører ein del av
arbeidet og mennesket åleine ein annan; men at Gud fullfører alt og utan
Hans hjelp kan mennesket ikkje gjere noko til si frelse. Men mennesket
medverkar også i alt saman, han vert leia fram til å handle sjølv og ikkje
verte verande passiv. (sjå Augustin, Corrept. 2,4 – PL 44.918: aguntur ut
agant, non ut ipsi nihil agant). «Om universets Gud, som verkar alt i alle,
må vi tru at Han gjer det på den måten at Han vekkjer, vernar og styrkjer
den frie viljen som Han sjølv ein gong har gitt, og ikkje slik at Han
opphevar han (Johannes Cassian, Coll. 13.18; PL 49.946; sjå Augustin, Spir.
et litt. 34,60 – PL 44.240). Dette samarbeidet mellom Gud og mennesket
omfattar heile det nye livet i Kristus. Ein kan ikkje seie at mennesket er
reint passivt i noka trushandling, ikkje eingong i den fyrste, eller at Gud
åleine arbeider i han.
Tilsvarande avviser Kyrkja all lære som seier at Gud åleine
gir nåden til somme, men ikkje til andre, for på den måten å etle somme til
frelse og andre til fordøming. Gud er ikkje opphavet til det vonde, men
kjelda til liv og frelse. Difor er det Han som vil «at alle menneske skal
verte frelste og lære sanninga å kjenne» (1.Tim 2:4).
Atterfødinga og helginga av mennesket er Heilaganden si
særlege gjerning. Utrenninga av Heilaganden som var venta i endetida har
gått føre seg i Kyrkja heilt sidan pinsedagen (sjå Apg 2:16-18). Endetida
sin herlegdom er ikkje lenger berre ei von, men allereie nærverande og
verkeleg. Heilaganden sitt nærvere i Kyrkja gir trygd for dette. Dersom vi i
hjarto våre har delen, nemleg Heilaganden sitt pant, vil vi heller ikkje
tvile på heilskapen, som er fullendinga av gåva i det velsigna, evige livet
(sjå Rom 8:23; 2.Kor 1:22f; 5:5; Ef 1:13f; 4:30; Tit 3:6f; sjå også Johannes
Chrysostemos, res. mort. 8 – PG 50.431).
Til toppen
V LÆRA OM SAKRAMENTA
V.1 Kyrkja sine sakrament eller mysterium
1. I det Nye Testamentet viser ordet 'mysterion' til den
ufattelege Guds frelsesgjerning i Kristus. Kyrkja, der Kristus bur for
alltid, er vidareføringa av Kristi mysterium, av den underfulle sameininga
av guddomeleg og menneskeleg natur. Den Treeinige Guds usynlege, uskapte,
frelsebringande nåde syner seg i Kyrkja knytt til fysiske middel, historiske
innretningar og konkrete handlingar, altså gjennom naturlege og verkelege
teikn. Nåden vert gjeven av Heilaganden som er sendt til Kyrkja og som gir
alt som er i henne.
2. Heilaganden som leier Kyrkja fram til heile sanninga (Joh
16:13), sikrar henne den guddomelege nåden som trengst for at menneske skal
bli frelst. Denne nåden er mangfaldig og vert gitt rikeleg.
3. Kristus innstifta under si jordiske teneste, som fekk sitt
høgdepunkt i krossen og oppstoda, dei frelsesmidla som meddeler nåden: Dei
heilage sakramenta eller mysteria. Kristus gav desse sakramenta til Kyrkja.
Det grunnleggjande og vesentlege ved den gudstenestlege bruken i bøn og dei
tilhøyrande synlege teikna, vart utforma ved apostlane. På denne måten er
innstiftinga og rettleiinga kring sakramenta ført tilbake til det Nye
Testamentet, dels tydeleg og direkte frå Jesu ord og handlingar, dels frå
indirekte referansar til og handlingar av Jesus så vel som frå læresveinane
og apostlane si overtyding om at det dei fastsette og rettleidde om, var i
samsvar med Herrens vilje og rettleiing. Såleis kjem dei ikkje med noko nytt
eller vilkårleg som stammar frå dei sjølve når det gjeld noko av det
grunnleggjande og vesentlege for frelsa.
4. Sakramenta som vart gjevne til Kyrkja, er: Dåpen,
konfirmasjonen, evkaristien, bota, salvinga, ordinasjonen og ekteskapet.
Sjølv om denne lista over sakrament korkje finst systematisert i det Nye
Testamentet eller i tradisjonen frå fedrene, speglar ho Kyrkjas ubrotne
overtyding og praksis.
5. Sakramenta som særleg helgande handlingar, fører til
nyskaping og utfalding av livet i Kristus ved at mottakarane ved Heilaganden
vert poda inn i Kyrkja som Kristi lekam. Gjennom Kyrkja sine sakrament veks
kvar einskild inn i livet med Kristus i alle dei uttrykksformer det får
privat og i fellesskapen. Det heilt nye livet og livsveksten for dei truande
i Kristus ved sakramenta, er ein trygg veg til himmelriket og fører til evig
liv.
6. Sakramenta er ikkje berre symbol på nåden, men pålitelege
instrument og formidlarar av han. Sakramenta sine fysiske middel er vigsla
gjennom Kyrkja sine bøner og heilage handlingar og er knytte til formidlinga
av nåden på måtar som er særeigne for kvart sakrament.
7. Bruken av fysiske middel i sakramenta er naudsynt sidan
menneska er ein psyko-somatisk heilskap: «Om du var utan kropp ville han ha
gitt deg reint ukroppslege gåver; men sidan sjela er knytt til kroppen gir
han deg det åndelege i det fysiske.» (Johannes Chrysostemos, hom. 82.4/83.4
i Mt. - PG 58.743).
8. Dei fysiske midla verkrar ikkje av seg sjølve, men i kraft
av Heilagandens nærvere: «Om der er nåde i vatnet, kjem det ikkje frå vatnet
sin natur men frå Andens nærvere» (Basilius den store, Spir. 15/35 – PG
32.132).
9. Det er Kyrkja sitt ålmene syn at sakramenta i seg sjølve
verkar til frelse. Nåden kjem frå innstiftaren og den eigentlege utøvaren
(liturgen) av sakramenta, Jesus Kristus, som vert verande i Kyrkja alle
dagar og held fram sitt arbeid gjennom henne, og han vert gjeven gjennom
Heilaganden som er verksam i sakramentsfeiringa. For at sakramenta skal
utføre frelsesføremåla sine, må menneska gje uttrykk for at dei indre sett
er budde til å ta imot dei.
10. Kyrkja sine liturgar trengst til feiringa av sakramenta.
Dette er biskopane og prestane som tek imot dette oppdraget i
ordinasjonssakramentet. Sakramenta er verksame til frelse sjølv om liturgane
ikkje er fullkomne eller fullt ut verdige.
11. Det er den treeinige Gud som fullfører såvel dei heilage
sakramenta som heile frelsesverket: «Faderen og Sonen og Heilaganden
forvaltar alt, presten låner si tunge og stiller hendene sine til
rådevelde.» (Johannes Chrysostemos, hom. 87.4/86.4 i Jo. - PG 59.472; sjå
også den same, hom. 2.4 i 2.Tim – PG 62.612; Augustin, tract. 6.7 i Jo – PL
35.1428).
V.2 Dåpen
1.1 Dåpen er det sakramentet i Kyrkja Gud har innstifta som
gjer den som vert døypt i namnet åt den heilage og livgjevande Treeininga,
til medlem av Kristi Kyrkje, med det han gjennom deltaking i mysteria åt den
guddomelege frelsesgjerninga i Kristus vert sett fri frå træledomen for
synda og vert fødd på ny til ein ny skapning i Kristus.
1.2 At dåpssakramentet som har sitt motstykke alt i det Gamle
Testamentet, er nødvendig, vart forkynt av Jesus Kristus ved hans dåp i
Jordan så vel som gjennom mandatet han gav apostlane om å gjere alle
folkeslag til læresveinar ved å «døype dei i namnet åt Faderen og Sonen og
Heilaganden» (Mt 28:18-20). Utan å verte fødd på ny av vatn og Ande kan
ikkje eit menneske kome inn i Guds rike (Joh 3:5).
1.3 Etter tradisjonen frå den gamle, udelte Kyrkja er den
truande som i namnet åt Faderen og Sonen og Heilaganden vert dukka ned tre
gongar i vigsla vatn og lyfta opp att, gravlagd med Kristus og reist opp med
han (sjå Kol 2:12; Rom 6:3-5).
1.4 Dei fysiske midla som dåpssakramentet vert utført med, og
som Guds allmektige nåde verkar gjennom i den døypte, kan ein ikkje berre
sjå som symbol eller ytre, materielle element i den overleverte kyrkjelege
dåpspraksisen frå apostlane, ein fritt kan endre eller byte ut. Dei fysiske
midla er knytte til handlinga der den døypte vert reinvaska frå arvesynda og
frå personlege synder og er fornya i Kristus. På denne måten skulle ein
forstå den apostoliske praksisen Kyrkja held fast ved (dukke tre gonger ned
i vigsla vatn). Den udelte Kyrkja sin praksis er dåp ved neddykking tre
gonger. Dåp ved tre gonger overausing av vatn er også kjend i Kyrkja som
nauddåp.
2.1 Den døypte vert ved den guddomelege nådens verknad,
atterfødd og sameint med Kristus i éin lekam og kan kalle seg eit Guds barn.
Gjennom dette bandet til den eine lekamen, er han bunden ihop med dei
truande til alle tider og i alle nasjonar og lever i fellesskapen åt denne
Kyrkja; han vert ein borgar i Guds rike og vinn si frelse i åndelege stridar
i von om å få del i livet i den komande verda. Sjølv om desse verknadane av
dåpen er den treeininge Guds gåve og grunna i Kristi frelsesgjernings
mysterium, er føresetnaden for at dei ber frukt, at den døypte personleg tek
imot den guddomelege gåva i tru, omvending og kjærleiksgjerningar.
2.2 Vaksendåp og barnedåp gjev den same guddomelege nådegåve.
Einaste skilnaden er knytt til tidspunktet då den guddomelege nåden, gjeven
gjennom dåpen, kan verte tilgjengeleg for den døypte og bere åndeleg
frukter. Sidan så vel vaksne som småborn berre kan bere slike åndelege
frukter i den ubrotne einskapen av kristen felleskap i den eine, heilage,
katolske og apostoliske Kyrkja, vert det opplagt nødvendig at dei døypte,
anten vaksne eller småborn, får rettleiing i Kyrkja sin fellesskap; for
småborna sin del særleg ved fadrane som vedkjenner Kyrkja si tru på vegner
av den døypte.
2.3 Ved deltakinga i Kristi livs-, døds- og
oppstode-mysterium som vert ein til del i dåpen, følgjer naturleg og
nødvendig at den døypte også får del i Heilaganden si gåve, som vert gjeven
pinsedag, og tilgjenge til evkasti-sakramentet.
2.4 Dåpen vert utført av biskopen eller ein presbyter
(eldste/prest) og berre i naudfall av diakonar eller lekfolk.
V.3 Konfirmasjonen
1. I dåpen vert mennesket i kraft av Heilaganden fødd på nytt
til liv i Kristus. Slik får det ein ny åndeleg eksistens. Åndeleg framgang
og vekst i det ein har vunne i dåpen, føreset også at Heilaganden er nær og
gjer si gjerning. Konfirmasjonen gir den døypte Heilagandens gåver, gir han
personleg del i pinsehendingane og sikrar samstundes denne gåva, som det
heiter med ord frå den ortodokse liturgien: «Pantet på Heilagandens gåve.
Amen.»
2. Etter den sams trua som den gamle og udelte Kyrkja har,
vert apostolisk praksis vidareført i konfirmasjonsfeiringa, idet hendene
vert lagde på dei døypte slik at Heilaganden vert gjeven dei (sjå Apg
8:14-17; 19:1-7). For at det nye livet i Kristus skulle vekse, følgde
konfirmasjonen like etter dåpen, i følgje vitnemåla åt både dei austlege og
dei vestlege kyrkjefedrene: «Dei som er døypte i Kyrkja vert førte fram for
kyrkjeleiarane og tek imot Heilaganden ved våre bøner og handspålegging og
vert såleis fullkomengjorde ved Guds segl.» (Kyprian av Kartago, ep. 73.9
-PL 3.1115/1160). «Deretter følgjer åndeleg preging ... for etter dåpen i
vatn vert det heile fullført ved at Heilaganden vert utrent ved biskopens
bøn» (Ambrosius av Milano, de sacram. 3.2.8 – PL 16.434.453). «Etter at han
(Kristus) hadde late seg vaske i Jordanelva og ført vatnet i kontakt med sin
guddomsnatur, steig han opp derifrå, og Heilagandens vesen kom over han, og
dei to kvilte i likskapen åt kvarandre. Sameleis
også med deg, då du etter å ha stige opp frå fonten med heilagt vatn, vart
gitt oljen som er biletet på det Kristus vart salva med.» (Kyrill av
Jerusalem, Catech. myst. 21.1 – PG 33.1088f). «Dei opplyste må salvast med
den himmelske oljen etter dåpen og få del i Kristi rike.» (Synoden i
Laodikea, canon 48 – Mansi 2.571).
3. Berre biskopane som apostlane sine etterfølgjarar, kunne
leggje hendene på dei døypte for å gi dei Heilagandens gåve. Ettersom talet
på truande auka, så biskopane ikkje lenger kunne
rekkje over alle, voks det fram, tidleg i aust og ei tid dels også i vest,
ein praksis med presbyter-krismering av døypte. Velsigning med krismaolje
vart likevel heile tida verande biskopen sitt ansvar åleine (sjå synoden i
Kartago, a. 419, canon 6 – Mansi 4.424). Regelen var i mest heile vesten at
konfirmasjonen vart verande ei biskopshandling; vedtaket som vart innskjerpa
av synodar, at dei døypte må bli konfirmerte så snart råd er etter dåpen,
viser at det er naudsynt at dåp og konfirmasjon høyrer ihop. Oppfatninga og
praksisen i den gamle, udelte Kyrkja krev at dei tre initiasjonssakramenta
dåp, konfirmasjon og evkaristi, vert feira i samanheng med kvarandre, for
sjølv om kvart av dei i seg sjølv er fullstendig og teologisk kan stå
åtskilt frå dei andre, høyrer dei likevel uåtskiljeleg ihop og utgjer ein
homogen heilskap.
V.4 Den heilage evkaristien
1. Det heilage evkaristi-sakramentet er midtpunktet i heile
Kyrkja sitt liv. I dette sakramentet er Kristus verkeleg og substansielt
tilstades: Han gir seg sjølv som eit ublodig offer til dei truande i ei
stadig ny og verkeleg frambering av sitt blodige offer på krossen, gitt éin
gong for alle. Så evkaristien er samstundes sakrament og verkeleg offer. I
dette sakramentet mottek dei truande Kristi lekam og blod og vert ved det
sameinte med han og gjennom han med kvarandre og får del i krafta av hans
frelsesverk som når høgdepunktet i hans offer på krossen og i hans oppstode.
2. Herren sjølv innstifta evkaristien. Før påske, under
måltidet, tok Herren eit brød, takka, braut det og gav det til læresveinane
idet han sa: «Dette er min lekam.» Og han tok kalken, takka og gav han til
dei idet han sa: «Drikk alle av den, for dette er mitt blod, det nye
paktsblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene. Gjer dette
til minne om meg.» (sjå Mt 26:26-29; Mk 14:22-25; Luk 22:14-23; 1.Kor
11:23-25).
3. I brød og vin, som er vigsla (konsekrert) og omskapt i
evkaristien, er Herren sjølv verkeleg og i sanning nærverande på ein
overnaturleg måte og gjev seg sjølv til dei truande. Brød og vin er Kristi
lekam og blod etter konsekrasjonen/vigslinga og
ikkje berre symbol på lekamen og blodet hans. «Brødet og vinen er ikkje
bilete på Herrens lekam og blod – langt ifrå! - men den guddomeleggjorde
Herrens eigen lekam; Herren sjølv sa: 'Dette er' ikkje bilete på lekamen
min, men 'lekamen min' og ikkje biletet på blodet mitt, men 'blodet mitt'
(Johannes av Damaskus, expos. fid. 4.13 – PG 94.1148f). Ettersom det 7.
økumeniske konsilet forkynner «har korkje Herren eller apostlane og fedrene
kalla det ublodige offeret frambore av presten for eit bilete, men sjølve
lekamen og blodet ... før konsekrasjonen vart dei kalla bilete, etter
konsekrasjonen vert dei kalla, på ein verkeleg måte, Kristi lekam og blod;
dette er det dei er og vert trudde å vere» (Mansi 13.265).
4. Evkaristien representerer heile det guddomelege
frelseshushaldet i Kristus som når høgdepunktet i hans offer på krossen og i
oppstoda hans. Det evkaristiske offeret står i direkte samband med
krossofferet. Golgataofferet vert verkeleg ikkje gjenteke. Det vart gjort
éin gong for alle (Hebr 7:27). Men evkaristien er mykje meir enn eit
symbolsk bilete eller eit bilete som minner oss på det offeret. Det er same
offeret som vert feira sakramentalt. Det vert feira til minne om Herren («gjer
dette til minne om meg») og er ikkje berre tilsynelatande, men er eit sant
og verkeleg minne og ein representasjon av Kristi offer. Framfor oss er
sjølve Herrens lekam og blod. «Dette (offeret) ofrar vi no, nemleg det som
vart ofra den eine gongen, det uutslettelege. Dette vert gjort for å minnast
det som hende den eine gongen; for han seier 'gjer dette til minne om meg'.
Det er ikkje eit stadig nytt offer slik (den jødiske) øvstepresten den
gongen bar fram, men vi ber alltid fram det same; eller heller: Vi gjer
verkeleg eit minne om offeret» (Johannes Chrysostemos, hom. 17.3 i Hebr – PG
63.131). «Og ettersom vi minnest hans liding i alle våre feiringar av
offeret – for Herrens liding er offeret som vi ofrar – kan vi ikkje gjere
noko anna enn det han har gjort.» (Kyprian av Kartago, ep. 63.17 – PL
4.387/398f).
5. Presten som gjer teneste ved kvar evkaristi er Herren
sjølv. «Du er den som ofrar og vert ofra, som tek imot og vert delt ut,
Kristus, vår Gud» (Bøn i kerubim-hymna). «Han er presten; det er han sjølv
som ofrar, og han sjølv er gåva som vert ofra» (Augustin, civ. 10.20 – PL
41.298; sjå Ambrosius av Milano, enarr. 25 i Ps 38 – PL 14.1051f/1102; Patr.
9.38 – PL 14.686/720). Heile den evkaristiske forsamlinga, kleresi og folk,
har på organisk vis del i fullføringa av evkaristifeiringa. Liturgane for
sakramentet er biskop og prest. Kyrkja sin praksis og canones forbyd
diakonar «å ofre» (sjå 1. ekumeniske konsil, canon 18 – Mansi 2.676).
6. Etter apostolisk tradisjon og praksis vert syrt brød nytta
i evkaristien. Bruken av usyrt brød i vesten er ein seinare praksis. I
tillegg vert nytta vin - «frukta frå vintreet» (Mk 14:25) – som frå den
eldste tida vart blanda med vatn (sjå Ireneus av Lyon, haer. 5.2.3 – PG
7.1125; Kyprian av Kartago, ep. 63 – PL 4.372-389/383-401).
7. Konsekrasjonen av brød og vin i evkaristien skjer under
heile den evkaristiske bøna. Herrens ord «Ta, et ... drikk alle av den» i
den evkaristiske bøna, som i heilskap har vigslingskarakter / konsekratorisk
karakter, utfører ikkje åleine forvandlinga av brød og vin til Kristi lekam
og blod. Forvandlinga vert gjort av Heilaganden som ein i epiklesen bed skal
kome ned.
8. Etter å ha budd seg på høveleg vis, tek alle truande del i
evkaristien; for den som ikkje tek del i Herrens bord, har heller ikkje del
i Kristi liv: «Dersom de ikkje et lekamen til Menneskesonen og drikk blodet
hans, har de ikkje livet i dykk» (Joh 6:53). Etter den kyrkjeleg praksis som
har rådd frå dei eldste tider, er speborn ikkje vortne haldne borte frå
evkaristien, og enno mindre er borna det. Berre dei udøypte, vranglærarar,
dei som har skilt seg frå Kyrkja og dei som av ein eller annan grunn er
hindra på grunn av kyrkjeleg disiplin, er stengde ute frå deltaking i
sakramentet (sjå Johannes av Damaskus, Expos. fid. 4,13; PG 94.1153). Dei
truande kommuniserer med både brød og vin slik det var ved Jesu siste
måltid.
9. I evkaristien vert dei truande gjennom fellesskapen i
Herrens lekam og blod sameinte både med han og med kvarandre, og saman
dannar dei éin lekam. «Fordi det er eitt brød, er vi alle éin lekam» (1.Kor
10:17). «Fordi vi har del i det eine brødet, vert vi alle éin Kristi lekam
og eitt blod og kvarandre sine medlemer og er slik sameinte med Kristus i
éin lekam» (Johannes av Damaskus, Expos. fid. 4,13; PG 94.1153). Ved
sameininga med Kristus vert den truande fylt med nåde og med alle dei
åndelege gåver og velsigningar som sameininga med Kristus fører med seg. Han
gjer framsteg i det åndelege livet, veks i fullkomengjering og har såleis
vona om oppstoda til evig liv og full deltaking i det herlege og velsigna
Kristi rike.
V.5 Bota
1. I botssakramentet vert dei syndene som truande har gjort
og så ærleg angrar og vedkjenner for ein prest, tilgjevne. «Guds rike
miskunn når ut til falne menneske, ikkje berre i dåpsnåden, men bota si
lækjande kraft atterreiser også vona om evig liv» (Leo I av Roma, ep 108 –
PL 54.1011).
2. Herren lova apostlane fullmakta til å tilgi synd (Mt
16:19; 18:18) og tildelte dei denne fullmakta etter oppstoda: «Tilgjev de
nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de dei att for nokon, er dei
atthaldne» (Joh 20:23). Denne fullmakta vart gjeven vidara av apostlane til
deira ettefølgjarar. På grunnlag av denne fullmakta, utvikla botssakramentet
seg som ein Gud-gjeven, fast institusjon i Kyrkja sitt liv, slik det er
vitna om i fedrene sine skrifter og i Kyrkja sin liturgiske og kanoniske
tradisjon.
3. Forvaltarane (liturgane) av botssakramentet er biskopen og
dei prestane han gir oppdraget til.
4. Ærleg hjarteanger og vedkjenning til ein prest er naudsynt
for tilgjeving av synder. Den opphavlege, offentlege bota vart seinare
avløyst av ei form for privat skriftemål for ein prest.
5. Gud gir tilgjeving for synd gjennom presten til den som
gjer bot: «Det som er gjort her nede av prestar, gjer Gud verkeleg der oppe;
og slik stadfester Herren dei domar hans tenarar gjer» (Johannes
Chrysostemos, sac. 3.5 – PG 48.643). «Det som er løyst av desse (Kyrkja
sine) nøklar på jorda, har alle lovnadar om også å vere løyst i himlen» (Augustin,
sermo 351.5/12 – PL 39.1549).
6. Presten som forvaltar botssakramentet kan etter si
sjelesørgjeriske vurdering påleggje ei botshandlig ikkje berre på dei som
enno ikkje har motteke tilgjevinga for synd, men også på dei som alt er
blitt tilgjevne. Pålegging av ei botshandling, slik det er vitna om i
Skrifta og tradisjonen (sjå 2.Kor 2:6-8; Apostoliske Konstitusjonar 2.16,
18.41 – PG 1.625ff, 629ff, 696ff), rettar seg mot at syndaren skal gjere
åndeleg framgang og skal verne mot gjentaking av den same synda. Bota har
slik ikkje karakter av straff, men er heller eit nådemiddel (Basilius den
store, Can. 65 – PG 32.797).
7. Botssakramentet vart innstifta for alle døypte som etter
dåpen gjer lettare eller alvorlegare synder og deretter angrar
misgjerningane sine. Der er ingen synder eller misgjerningar som etter at
dei er blitt angra, ikkje kan blit tilgjevne i botssakramentet. «For Herren
som tilgav all synd, utelukka ikkje noko brot» (Ambrosius av Milano, paen.
1.2/5 – PL 16.467).
-
V.6 Salvinga
1. Under si forløysargjerning på jorda lækte Frelsaren vår
dei sjuke som leid under sjukdomar på kropp og sjel. Han gav også
læresveinane sine i oppdrag å gjere det same (sjå Mk 6:7; 13; 9:35). Etter
Herrens og aposlane sine føredøme utfører Kyrkja salvinga sitt sakrament
(sjukesalvinga), der dei sjuke vert bedne for og salva med olje til lækjedom
for lekam og sjel: «Vi bed deg, all makt og styrkes Herre, send den lækjande
krafta åt den Einborne frå himmelen over denne oljen, så han kan verte til
utdriving av all slag sjukdom og veikskap frå dei som vert salva med han ...
all slag feber og liding, til lækjedomsnåde og tilgjeving av synd, til
livsmedisin og frelse til lækjedom og heilskap for sjel, lekam og ånd og til
fullstendig og heil styrking» (Serapion av Thumis, euch. 29 (17).1; sjå
Innocens I av Roma, ep. 25.8/11 – PL 20.560).
2. Apostelen Jakob vitnar: «Er nokon av dykk sjuk, skal han
kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden, og dei skal be over han og salva han
med olje i Herrens namn. Då skal bøna, beden i tru, berga den sjuke, og
Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei
tilgjevne» (Jak 5:14-16).
3. Salving av den sjuke med olje som er vigsla til føremålet,
og bøn, er nødvendig i utføringa av dette sakramentet. Forvaltarane av dette
sakramentet er kyrkjeleiarane, t.d. biskop og prestane. Viss mogleg skal
det, slik Jakob foreslår, vere meir enn éin utøvar som deltek, sjølv om éin
er nok om ikkje fleire er tilgjengelege.
4. Fruktene av dette sarkamentet er lækjedom frå sjukdomar og
tilgjeving av synd. På grunn av denne dobbelt lækjande verknaden, byd den
ortodokse kyrkja dette sakramentet også til folk med god helse som førebur
seg til å ta imot den heilage nattverden; men det får ikkje tene som
erstatning for botssakramentet.
5. Salvinga sitt sakrament skal kunne takast imot av alle
døypte, ikkje berre dei som er dødssjuke.
V.7 Ordinasjonen
1. Embetet (ordo) er ein grunnleggjande innretning i Kyrkja
sitt liv og har sitt opphav og vedvarande grunnlag i den fullmakta den
oppstadne Herren gav apostlane då han meddelte dei Heilaganden til
fullføring av oppdraget dei hadde fått. Dette embetet må sjåast i samanheng
med apostolisk suksesjon (sjå kap III/7), der Kristi frelsesverk held fram i
Kyrkja. Det Nye Testamentet vitnar om at apostlane gav den fullmakta som var
gjeven dei, vidare til andre menn ved bøn og handspålegging, og ved denne
bøna og handspålegginga fekk mottakarane den
særlege nådegåve som trengst for dette åndelege embetet av Gud (1. Tim 4:14;
2.Tim 1:6-14; 2:2; Apg 14:23; 20:28-32).
2. Apostlane sitt særlege kjennemerke, nemleg sjølve
apostelembetet som apostlane er berarar av som universelle hyrdingar for
Kyrkja, ei teneste for heile Kyrkja, er ikkje del av den autoriteten
biskopsembetet mottek frå apostlane i bispevigslinga. Ingen av biskopane har
for sin eigen del motteke dette apostoliske embetet som del av den
apostoliske suksesjonen, men alle biskopane har del i apostolisiteten i og
gjennom Kyrkja.
3. Trass i at ordbruken kring det vigsla embetet til ei viss
grad er uklår, framstår det ganske tidleg som ein spesiell åndeleg funksjon
i form av biskop, prest (presbyter) og diakon. Biskopen som lærar, liturg og
hyrding for lokalkyrkja han styrer, er vaktaren og vernaren av hennar
einskap og hennar sanne lære. Etter som han er den som kler
heile embetet, forvaltar han alle sakramentale handlingar og andre
ligurgiske handlingar og utøver hyrdetenesta i heile sin fullnad. Prestane (presbyterane)
stør biskopen ved å forvalte sakramenta (med visse særlege unntak) og andre
liturgiske handlingar og tek del i forkynninga av evangeliet og den åndelege
rettleiinga av dei truande. Diakonane hjelper biskopen og prestane (presbyterane)
i forvaltinga av sakramenta, i sosiale tenester og i det kyrkjelege arbeidet
elles.
4. Den udelte kyrkja godtok ikkje ordinasjon av kvinner, med
unntak av den ikkje heilt avklara ordninga med diakonisser.
5. Kandidatar som er funne verdige til å gå inn i embetet,
vert ordinerte av biskopen med bøn og handspålegging under ei messefeiring i
Kyrkja, der biskopen bed saman med kleresiet og dei samla truande at
Heilagandens nåde som lækjer det sjuke og gjer det ufullkomne heilt, må
stige ned over den ordinerte. Den praksisen som Hippolyts «Apostoliske
Tradisjon» (c. 7f) vitnar om og kjend berre i vesten, at prestane (presbyterane)
legg hender på ordinandens hovud saman med biskopen, er eit teikn på
einskapen deira med biskopen og tilslutninga til at ordinanden får tilgang
til deira kollegium. Dette er ikkje meint å skulle reise noko som helst tvil
om at biskopen har full og eksklusiv fullmakt til å avgjere vigslingar.
Heile kyrkjelyden si bøn og tilslutninga som kjem til uttrykk gjennom denne
bøna, viser også alt folket er deltakande og medverkande.
6. Den guddomelege nåden som vert motteken i ordinasjonen,
gjev fullmakt til ei særleg teneste med forkynning av evangeliet, i det
liturgisk-sakramentale livet i Kyrkja og med samling og oppbygging av dei
truande. Denne tenesta har ulik form og formål avhengig av om ho vert utført
av ein biskop, ein prest (presbytar) eller ein diakon. Det embetet som vert
gjeve ved ordinasjonsnåden, har ei tredelt oppgåve ettersom det vidarefører
Herrens tredelte embete i Kyrkja: den kongelege, den prestelege og den
profetiske.
7. Verknaden av sakramenta som vert forvalta av dei ordinerte
embetsberarane, er ikkje avhengig av kor heilage eller uverdige dei
personleg er, «for det er Gud som helga oss i sine mysterium» (Johannes
Chrysostomos, hom 8.1 i 1.Kor. - PG 61.69).
V.8 Ekteskapet
1. Ekteskapet er ein institusjon gitt av Gud. Det vart
innstifta av Gud ved skapinga som ein fellesskap i kjærleik til gjensidig
støtte for husbond og hustru (1.Mos 2:18), stadfesta av Herren (Mt 19:4-6)
og velsigna ved hans nærver ved bryllupet i Kana (Joh 2:1-11).
Gud skapte mennesket som mann og kvinne (1.Mos 1:27) og sette
deira felles liv under sitt særlege vern og velsigning. Alt i den gamle
pakta vert ekteskapet mellom mann og kvinne rekna som eit typisk bilete på
Guds pakt med folket sitt. I den nye pakta står ekteskapet, sameininga av
mann og kvinne i innbyrdes
kjærleik og tru, som bilete på den store løyndomen av kjærleiks- og
einskapsband som er mellom Kristus og den Kyrkja han grunnla (sjå Ef 5:32).
2. Då Gud velsigna det fyrste menneskeparet, knytte han det å
få barn til ekteskapet: «De skal veksa og auka og fylle jorda» (1.Mos 1:28).
Når menneska føder born inn i verda og gjev dei «den oppseding og rettleiing
som er etter Herrens vilje» (Ef 6:4), vert det Guds medarbeidar som held
fram Guds skaparverk. Gjennom borna lærer menneska farskapen og morskapen
sine gåver å kjenne, og med ektefelle og born byggjer dei ein familie som er
ei lita kyrkje, huskyrkja.
Ekteskapet er i særklasse kjærleiksmysteriet (sjå Johannes
Chrysostemos, Laud. Max. 3 – PG 51.230). Det fullfører oppgåva si som
kjærleiksfellesskap mellom ektefellane og ikkje berre ved at dei får barn og
deler livet med kvarandre (Ef 5:25; 1.Sam 1:8). Denn kjærleiken og einskapen
mellom ektemakane som er ekteskapet sitt hovudføremål, vert oppnådd når dei
vert verande i den nåden Heilaganden gjev.
3. Kyrkja, som har velsigna ekteskapet heilt sidan den fyrste
tida «for at det skal svare til Herrens vilje og ikkje til attrå» (Ignatius
av Antiokia, Polyc. 5.2 – PG 5.724), gir ikkje si velsigning berre til det
naturlege samfunnet mellom mann og kvinne, men ho innlemmar det nye paret i
den evkaristiske fellesskapen og plasserer ekteskapet såleis inn i
samanhengen åt Kyrkja sitt mysterium. Brudeparet sin tilslutnad er heilt
naudsynt for ekteskapet som vert fullenda som eit sakrament gjennom
velsigninga åt ein rettmessig ordinert embetsberar.
4. Grunnlaget for at Kyrkja held ekteskapet for ein livslang
og uoppløyseleg fellesskap, er at ekteskapet er heilagt og at sameininga og
personfellesskapen i ekteskapet har ein åndeleg karakter som svarer til
sambandet mellom Kristus og Kyrkja hans. Herren har forkynt at ekteskapet er
heilagt og uoppløyseleg (Mt 19:6), men han har opna for oppløysing for hor
skuld (Mt 5:32; 19:9). Apostelen Paulus seier at eit andre ekteskap er
tillate etter at fyrste ektefelle er død, men han seier også at han tykkjer
mest om at attlevande ektefelle ikkje giftar seg på nytt (1.Kor 7:39).
Strengt talt er det difor høve til å oppløyse ekteskap berre
ved hor og ved eine ektefellen sin død; men av kjærleik, og for å vere
skånsam mot menneske, godkjenner Kyrkja andre, tilsvarande grunnar.
I sin sjelesørgjar-praksis i møte med ekteskap som har
stranda på grunn av menneskeleg feil, lét Kyrkja seg rettleie av Guds bod og
den guddomelege viljen til tilgjeving.
5. I sjelesørgjar-praksisen legg Kyrkja vekt på at mann og
kvinne har like stort ansvar (sjå 1.Kor 7:3f; Ef 5:21-33; 1.Pet 3:1-7) både
for den nåden dei er gjevne i ekteskapet og for kallet til å gi Gud ære også
med lekamane sine (1.Kor 6:12-20; sjå også Heb 13:4).
6. Ekteskap og ordinasjon utelukkar ikkje kvarandre. Den
eldste kyrkja gav ordinandane valet mellom ekteskap og sølibat og nekta
berre ektemenn gjengifte etter ordinasjonen. Når det gjeld ekteskap etter
ordinasjonen, rekna tradisjonen frå den eldste kyrkja ein «sølibatslovnad»
ved ordinasjonen som ekteskapshindring. Ekteskap og sølibat står ikkje i
motsetnad til kvarandre eller opphever kvarandre. Dei står som parallelle
vegar til kristen fullkomengjering.
Til toppen
VI ESKJATOLOGIEN
Læra om dei siste ting
1. Kyrkja og endetida.
Det kristne livet er innretta mot Guds rike og Herrens
atterkome i herlegdom. Apostlane si tru at «vi her på jorda har ingen
verande by, men vi lengtar etter den som skal koma» (Hebr 13:14), og at
«denne verda, slik ho er, går under» (1.Kor 7:31), er innhaldet i den
kristne vona og fremjar medvitet om at denne verda er forgjengeleg og
førebels. Kyrkja har alltid halde fast på vona om dei ting som skal kome, og
set på den måten preg på livet åt dei truande.
Den eskjatologiske vona er ikkje ei røynsle utan innhald,
sidan endetida alt har teke til midt i Kyrkja, som representerer den stadige
framveksten av Gudsriket her i tida. Kristi oppstode varslar allereie hans
atterkome i herlegdom, og utrenninga av Heilaganden innleiar endetida, som
Joel har profetert (Joel 3:1-5; Apg 2). Den kristne lever i tidsbolken
mellom pinse og Herrens andre kome som på den «åttande skapingsdagen».
Gjennom sakramenta og andre guddomelege nådemiddel mottek vi Kyrkja, Andens
segl, idet vi i vona føregrip den gledelege erfaringa av alt det som enno
skal kome.
Den kristne trengjer seg difor ikkje framover som om han var
driven av vanvørdnad overfor denne verda, men heller slik at han vitnar om
Guds kjærleik ved å engasjere seg i livet i denne verda; samstundes som han
stundar mot det som er enno større: «Jamvel vi som har fått Anden til
fyrstegrøde, vi óg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då
lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret» (Rom 8:23). «Vi
fornektar ikkje det som er, men strekkjer oss mot det som er større»
(Johannes Chrysostemos, hom. 14.6 i Rom – PG 60.531). For dei kristne har
døden lagt til side den fryktelege maska si. For dei er han overgangen frå
det flyktige til det evige, frå det forgjengelege til det uforgjengelege.
Martyrane og helgenane sin dødsdag er dagen då Kyrkja feirar fødselsdagen
deira til det andre livet.
2. Livet etter døden.
Død, som er ein konsekvens av Adams synd, avsluttar perioden
med prøvingar og åndeleg framgang for mennesket. Difor er det at det Nye
Testamentet og kyrkjefedrene åtvarar dei truande mot å ringeakte Guds nåde
medan dei lever. Etter døden vil der ikkje lenger vere noko høve til
omvending, det vert berre dom og prøving av gjerningar (sjå 2.Kor 6:2; Gal
6:10; Basilius den store, moral. 1.2,5 – PG 31.700f, 704).
Menneska vil bli dømde av Gud like etter døden etter dei
gjerningane dei har gjort i si levetid (sjå 2.Kor 5:10; 11:15; Rom 2:5-11):
Dei rettferdige og helgenane vil bli førte fram til Gud, men syndarane vil
bli førte langt bort frå Han til dødsriket (Hades), slik det er fortalt i
likninga om den rike mann og Lasarus (Lk 16:19-31). «Medan dei ventar på den
endelege domen, ventar sjelene åt dei truande på ein venare stad, syndarane
og dei vonde på ein verre stad» (Justin Martyr, dial. 5.3 – PG 6.488). Den
ære Kyrkja viser helgenane kviler på den trua at dei allereie er i Guds
nærleik og på ein viss måte alt har del i den guddomelege herlegdomen sjølv
om dei enno ser fram til å gle seg over han i fullt mon ved den ålmene
oppstoda på den siste dagen. Den same trua er grunnlaget for bønene til Guds
mor og til helgenane om å gå i forbøn for oss hjå Gud, han som dei lever nær
og som stadig høyrer bønene deira. Helgenane sine forbøner verkar til at
Guds miskunn kjem over dei levande. Dette skaper eit sterkt og varigt band
mellom den stridande Kyrkja (militans) og den triumferande.
Sjølv om Kyrkja trur og lærer at etter døden er det umogleg å
gå over frå syndarane sine rekkjer til dei rettvise, feirar ho den heilage
evkaristien, idet ho etter gamal tradisjon trur og vonar at Gud tenkjer med
miskunn på dei innsomna; ho utfører også minnegudstenester og tilrår dei
truande å gjere miskunnsgjerningar. Dette syner den kjærleiksfellesskapen
som er mellom dei levande og dei som alt har gått bort, og vona om sjølv å
få del i oppstoda. «Vi trur at bøna vil vere ein svært stor fordel for dei
som ho vert framboren for» (Kyrill av Jerusalem, katekes. 23.9 – PG
33.1116f).
3. Oppstoda av dei døde og fornyinga av heile verda.
Heile den guddomelege frelsesplanen vert historisk fullenda i
Herrens atterkome i herlegdom. Oppstoda av dei døde og fornyinga av verda
vil følgje når Herren syner seg. Dette er grunnleggjande trussanningar slik
dei har kome til uttrykk i vedkjenningane åt den eldste Kyrkja. Den
nikeno-konstantinopolitanske vedkjenninga forkynner
om Kristus at «Han vil kome att i herlegdom for å døme levande og døde» og
avsluttar med forventninga om oppstoda: «Vi ser fram til oppstoda av dei
døde og eit liv i den komande verda”.
Tidspunktet for Herrens andre kome er ukjent (Mk 13:32);
difor legg Kyrkja stadig dei truande på hjarta alltid å vere budd og å vake,
for Herrens dag kjem som ein tjuv om natta ved ein time ingen ventar han (Mk
13:33-37; Mt 24:42-44; 1.Tess 5:2; 2.Pet 3:10). Kyrkja har avvist alle
forsøk på å fastslå det nøyaktige tidspunktet for Herrens atterkome.
Oppstoda frå dei døde og fornyinga av verda skjer før den
endelege domen. Herrens atterkome fell saman med alle menneske og verda si
forvandling frå forgjengelegdomstilstanden til uforgjengelegdomen (sjå
1.Kor15:51f; 1.Tess 4:17). Kroppane deira som alt har sovna inn, vert vekte
opp og på nytt sameinte med sjelene sine til ein uforgjengeleg fellesskap,
lik den dei før har hatt. Dei levande sine kroppar vil bli forvandla og
skaparverket vil bli nytt (sjå Rom 8:19-22; 2.Pet 3:13). Kyrkja trur at dei
gjenoppstandne kroppane vil bli lik Herrens herlegdomslekam (sjå også
Johannes Chrysostemos, delic. 6 – PG 51.352).
Alle vil oppleve
oppstoda av lekamen, så dei kan stå for Herren i ein heilskap av lekam og
sjel, og etter domen kan dei anten gle seg som velsigna eller lide evig
straff. Dei rettferdige si evige sæle, så vel som dei urettferdige si evige
straff, er ei ein fast del av læra åt den Heilage Skrifta og kyrkjefedrene.
Vår daglege bøn om Guds rikes kome vert oppfylt når Herren
kjem att, slik det vert vitna om i Openberringsboka: «Eg såg ei ny himmel og
ei ny jord; for den fyrset himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort ...
og døden skal ikkje vere meir ... og han som sit på kongsstolen sa: «Sjå, eg
gjer alle ting nye!» (Joh. op. 21:1-5).
Til toppen
VII KYRKJELEG FELLESSKAP –
føresetnader og konsekvensar
1. Kyrkja er Kristi eine lekam, levandegjort av Heilaganden.
I denne lekamen vert dei truande ved Andens gjerning bundne saman i trua,
gudstenesta og kyrkjeordninga sin einskap.
2. Kvar lokal kyrkje har sin midte i den heilage evkaristien.
Det er Kristus som innbed til dette måltidet. Difor vert det feira av hans
Kyrkje under leiing av biskopen eller ein som han har gjeve oppdraget; og
likevel er det Kyrkja som Kristi eine lekam som utfører denne feiringa, og
alle som tek imot evkaristien, vert éin lekam, Kristi lekam. «Brødet som de
ser på altaret, helga ved Guds ord, er Kristi lekam. Kalken, eller heller,
det kalken inneheld, helga ved Guds ord, er Kristi blod. ... Når du har teke
imot på rett vis, er du blitt det du har motteke. For apostelen seier: Eitt brød, éin lekam er vi, endå vi er mange» (Augustin, hom. 227
– PL 38.1099). «Brødet som vi bryt, er det ikkje fellesskap med Kristi lekam?
Kvifor sa han (Paulus) ikkje: ’Ta del i?’ Fordi han vil seie meir enn det og
gje eit vink om kor djupt sambandet er. For å kommunisere er ikkje berre å
ta del i og ta imot ein del, men også å vere innlemma i. Slik den lekamen er
sameint med Kristus, så vert også vi gjennom dette brødet sameina med han
... For etter at han sa: ’Sameining i lekamen’, prøver han å uttrykkje det
nære sambandet og difor legg han til: ’Fordi det er éitt brød, er vi alle
éin lekam. Kva meiner eg med fellesskap (koinonia)?’ seier han. Vi er sjølve
den lekamen. For kva er det brødet? Kristi lekam. Men kva vert dei som tek
del? Kristi lekam! Ikkje mange lekamar, men éin lekam. ... For ikkje får du
føde frå éin lekam, og han frå ein annan, men alle får føde frå den same
lekamen (Johannes Chrysostemos, hom. 24.2 i 1. Kor – PG 61.200f).
3. Fordi det er Kristus som innbed, innbed Kyrkja til
deltaking i måltidsfellesskapen. Dette knyter deltakarane til Kyrkjas
oppgåve som er å forkynne evangeliet, byggje opp Kristi lekam og verne om
hans einskap i ei sann tru og i kjærleik.
4. Slik ein ikkje vert teken inn i Kyrkja utan vedkjenning av
den sanne trua, så kan ikkje evkasristien feirast som Kyrkja sitt midtpunkt
utan den sanne trua. Sakramenta sin Kristus er ikkje ein annan enn trua sin
Kristus som Kyrkja har vedkjent samstemt gjennom alle tider og på alle
stader.
5. Fellesskapen omfattar heile livet åt Kyrkja. Difor vert
det sagt om medlemane hennar: «Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og
ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene» (Apg 2:42). Heilage Ignatius skreiv:
« ... at de alle møter kvarandre i nåde, kvar og ein utan unntak, i éi tru
og i Jesus Kristus, som er av Davids ætt etter kjøtet, Menneskeson og Guds
Son, i lydnad mot biskopen og presbyteriet med udelt sinn, for å bryte det
eine brødet, som er udøyelegedomens lækjemiddel, motgift mot døden, ei gåve
som byggjer opp livet i Jesus Kristus for alltid» (Ignatius av Antiokia, Ef
20.2 – PG 5.661).
6. Der fellesskapen er broten, kan Herrens nattverd ikkje
feirast ilag. Atterreisinga av evkaristi-fellesskapen der det framleis er
splitting i tru, er i seg sjølv ei sjølvmotseiing, sidan kyrkjene, sjølv om
dei tek imot evkaristien saman, framleis lever skilde frå kvarandre. Slik
åtferd godtek splitta kyrkjer som normalt og kan føre til at den sorg og
anger som er naudsynt for å overvinne splittinga, vert rekna som overflødig.
Evkaristifellesskapen er verkeleg eit uttrykk for trusfellesskap i den eine
Kyrkja.
7. Når fellesskapen vert broten, har Kyrkja alltid ansvar for
å lækje såret. Atterreisinga av fellesskap er ikkje mogleg utanom den eine
Kristi lekam, for einskap i tru og fellesskap i Heilaganden vert berre
gjeven i denne lekamen. For å kunne atterreise fellesskap er det naudsynt
ikkje berre å undersøkje om vi står kvarandre nær nok, men også om
skilnadane er så viktige at skilje framleis må haldast oppe.
8. Konsekvensane og uttrykka for den gjensidig godkjende
trusfellesskapen er den fullstendige liturgisk-kanoniske kyrkjefellesskapen,
verkeleg organisk einskap i Kristi eine lekam. Dei liturgiske og kanoniske
konsekvensane som gir seg ut av kyrkjeleg fellesskap, vert avklara og
regulerte av Kyrkja på grunnlag av tradisjonen åt den udelte Kyrkja. Denne
fellesskapen inneber ikkje uniformitet i liturgisk ordning eller kyrkjeleg
praksis, men kjem heller til uttrykk i at kvar av dei gjeldande kyrkjene
kvar for seg ivaretek legitime historiske utgåver av den eldste og udelte
Kyrkja si tru. Denne fellesskapen føreset heller ikkje at den eine kyrkja
med sin tradisjon underkastar seg den andre, for det ville stå i motsetnad
til verkeleg fellesskap. Kyrkjer som er sameinte i fullt fellesskap, vil
fullføre sine oppgåver i verda ikkje isolerte frå kvarandre, men
grunnleggjande sameinte.
Etter den felles Ortodokse - Gamalkatolske teologiske
kommisjonen sitt syn, representerer ovanforståande tekst læra åt dei
Ortodokse og Gamalkatolske kyrkjene.
Ratifisert av Generalsynoden åt Den nordisk-katolske
kyrkja 14. april 2007.
|